skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Ikkje semje om irakisk grunnlov

Parlamentet i Irak har gitt opp forsøket på eit kompromiss om den nye grunnlova, og forslaget går no til folkerøysting i si noverande form.

Publisert 06.09.2005 15:24.
Av Bent J. Tandstad

Parlamentet har i fleire veker prøvd å få til eit kompromiss som alle dei politiske og etniske grupperingane kan stille seg bak.

Sjiamuslimane og kurdarane, som har fleirtal i parlamentet, støttar grunnlovsforslaget slik det ligg føre no, medan det sunni-muslimske mindretalet nektar å godta det.

Sunniane, som hadde mykje av makta under regimet til Saddam Hussein, fryktar at dei vil bli overkøyrde av sjiaene og kurdararane etter den nye grunnlova. Fleire sunni-representantar i parlamentet har sagt at dei vil drive valkamp for eit nei til forslaget.

Det blir folkerøysting om grunnlovsforslaget 15. oktober.

Grunnlovsforslaget skal no trykkjast opp i fem millionar eksemplar, og arbeidet med dette startar alt denne veka. (NRK-Reuters)


Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no