skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

14 amerikanske soldatar drepne

14 amerikanske soldatar vart drepne i dag då opprørarar gjekk til åtak på bilen dei køyrde i.

Publisert 03.08.2005 13:12. Oppdatert 03.08.2005 16:20.
Av Bent J. Tandstad

Ein sivil irakisk tolk vart også drepen i angrepet, som skjedde like ved byen Haditha, 260 kilometer nordvest for Bagdad, opplyser ein talsmann for dei amerikanske styrkane i Irak.

Soldatane tilhøyrde elitegruppa US Marines.

Det var ei kraftig bombe som vart utløyst like ved eit militært amfibiefarty. Dette var det andre angrepet mot amerikanske soldatar med høge tapstal på tre dagar.

Måndag vart seks US Marines drepne i kampar med opprørarar i Haditha, og ein sjette vart drepen av ei bilbombe i byen Hit, sørvest for Haditha.

Dei siste 10 dagane har 38 amerikanske soldatar mist livet i Irak, melder fjernsynsstasjonen CNN.

Ei irakisk gruppe som kallar seg Ansar al-Sunna seier at dei har bortført ein amerikansk soldat som vart såra i angrepet. Dette blir blankt vvist av den amerikanske hæren.

Den vestlege Anbar-provinsen er eit hovudområde for dei sunnimuslimske opprørarane i Irak. Det er også her dei amerikanske styrkane har gått på dei verste tapa.

1811 amerikanske soldatar har mist livet i Irak sidan invasjonen i mars 2003. (NRK-AFP-CNN)


Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no