skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Al Qaida vil drepe diplomatar

Dette skulle bli den nye  algeriske ambassaden i Irak. (Foto: AFP/Scanpix)
Dette skulle bli den nye algeriske ambassaden i Irak. (Foto: AFP/Scanpix)
Al Qaida i Irak seier dei vil drepe dei to algeriske diplomatane dei bortførte i Bagdad sist veke. Samstundes har dei sendt ut ein video av diplomatane.

Publisert 26.07.2005 14:09. Oppdatert 27.07.2005 16:07.
Av Bent J. Tandstad

Ali Belaroussi var leiande algerisk utsending til Irak. (Foto: AFP/Scanpix)
Først vart ei melding lagt ut på ei islamistisk nettiside som ofte bir brukt av Al Qaida i Irak. Seinare i ettermiddag la gruppa også ut ein video av dei to algeriske diplomatane.

Den rettferdige domstolen til organisasjonen Al Qaida i Irak har dømd dei diplomatiske utsendingane til den fråfalne algeriske regjeringa til døden, heiter det i meldinga frå gruppa, som blir leidd av jordanskfødde Abu Musab al-Zarkawi.

Dette er lagnaden til alle ambassadørar og utsendingar frå alle vantru regjeringar, heiter det vidare.

Ali Belaroussi og Azzedine Belkadi vart bortførte av væpna menn sist torsdag.

Al Qaida i Irak bortførte og drap tidlegare denne måten den egyptiske utsendinga til Irak, Ihab el-Sherif.

I tillegg står gruppa bak mislukka attentat på dei diplomatiske utsendingane frå Pakistan og Bahrain.

Fleire land, blant dei Algerie, har no sendt alle sine diplomatar heim frå Irak.


Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no