skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Fleire tusen USA-soldatar har desertert

Forsvarsminister DOnald Rumsfeld vart ikkje udelt godt motteken av soldatane sine då han vitja Irak før jul. (Foto: Reuters/Scanpix)
Forsvarsminister DOnald Rumsfeld vart ikkje udelt godt motteken av soldatane sine då han vitja Irak før jul. (Foto: Reuters/Scanpix)
Fleire tusen amerikanske soldatar har desertert sidan invasjonen av Irak i mars 2003, og Pentagon slit hardt med rekrutteringa.

Publisert 25.01.2005 15:42. Oppdatert 25.01.2005 15:50.
Av Bent J. Tandstad

Nesten 1400 amerikanske soldatar er komne heim i kister, fleire tusen har kome heim i rullestol, og mange andre har kome heim i frustrasjon over å ha risikert livet i ein krig dei meiner blir ført på falske premissar.

Den amerikanske nasjonalgarden har aldri tidlegare hatt problem med rekrutteringa. I fjor gjekk talet på søknader til nasjonalgarden ned med 30 prosent.

Talet på offiserar som søkte avskil vart 20-dobla i fjor. Trass i at 40 prosent av offiserane som søkte avskil fekk avslag, er det no stor mangel på erfarne offiserar i Nasjonalgarden.

40 prosent av dei amerikanske soldatane i Irak er rekruttert frå Nasjonalgarden og frå reservestyrkane.

Pentagon vedgjekk på slutten av fjoråret at over 5500 soldatar har desertert sidan krigen starta, trass i at ein desertør risikerer dødsstraff i krigstid.

Den vanlegaste straffa er fem års fengsel, og mange desertørar har difor søkt tilflukt i nabolandet Canada. Under Vietnam-krigen var det rundt 55.000 soldatar som deserterte eller nekta å møte til teneste. Då var det også fleire tusen soldatar som flykta til Canada.

Over ein million amerikanske soldatar har hittil tenestegjort i Irak, mange av dei mot sin vilje.

Då forsvarsminister Donald Rumsfeld besøkte Irak like før jul, vart han møtt av rasande soldatar som ville ha svar på kvifor dei ikkje hadde fått det dei meinte var nødvendig verneutstyr.

Det var då Rumsfeld svarte at ein måtte gå i krigen med utstyret ein hadde til disposisjon, og ikkje med det ein ynskte ein hadde.

Svaret vart ikkje god motteke blant soldatane, og dei amerikanske soldatane skal ha problem med å halde moralen oppe.

Konstant frykt for angrep og terroraksjonar, snikskyttarar og bomber, slit hardt på dei unge og til dels uerfarne soldatane. Det faktum at mange har fått forlengd tenestetida mot sin vilje, tærer også på moralen. (NRK-NTB)

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no