skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Vedgår fangemishandling

Ein amerikansk soldat vedgår å ha mishandla irakiske fangar i det illgjetne Abu Ghraib-fengselet i Bagdad.

Publisert 20.10.2004 16:51. Oppdatert 20.10.2004 16:57.
Av Bent J. Tandstad

Stabssersjant Ivan "Chip" Frederick tilstod i ein amerikansk militærdomstol i Bagdad i dag at han blant anna tvang irakiske fangar til å masturbere.

Stabssersjant Ivan Frederick sa seg skuldig i mishandling av fangar i Abu Ghraib-fengselet. (Foto: Reuters/Scanpix)
Han vedgjekk likevel berre straffskuld på delar av dei fem tiltalepunkta som amerikanske militærstyresmakter har reist mot han.

Den amerikanske sersjanten gav eit sjelden innblikk i kva som skjedde i Abu Ghraib. Han fortalde korleis han og andre vaktarar hadde kaste fangane i ein haug for fotografering, etter at dei hadde fåttt ei hette over hovudet, og hendene var bundne bak på ryggen.

Frederick vedgjekk at det ved fleire høve hadde vore mogleg for han å stanse mishandlinga, men at han ikkje gjorde det.

- Eg slo ein av fangane i brystet. Eg var sint fordi han hadde slått ein kvinneleg soldat i ansiktet med ein stein, heldt han fram.

Mannen sokk saman, og signaliserte at han trengde hjelp. Likevel vart han trua til å stille opp saman med dei andre fangane mot ein vegg.

Tidlegare i år vart det publisert bilete frå fengselet, teke av amerikanske soldatar som deltok i mishandlinga. Bileta sende sjokkbølgjer rundt om i verda. Det var bilete av smilande amerikanske soldatar som poserte framfor irakiske fangar.

Ivan "Chip" Frederick sa i retten i dag at han hadde sett på handlingane sine som umoralske og usømelege. (NRK-NTB-AFP)

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no