skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Amerikansk gissel halshogd

Dette biletet er frå videoen som vart offentleggjort i kveld, like før Eugene Armstrong vart halshogd. (Foto: AP/Scanpix)
Dette biletet er frå videoen som vart offentleggjort i kveld, like før Eugene Armstrong vart halshogd. (Foto: AP/Scanpix)
Den amerikanske gisselen Eugene Armstrong er halshogd av gruppa til Abu Musab al-Zarkawi i Irak. Gruppa har lagt ut ein video av drapet på Internett.

Publisert 20.09.2004 21:29. Oppdatert 20.09.2004 22:49.
Av Bent J. Tandstad

Ein amerikansk talsmann stadfestar i kveld overfor nyheitsbyrået Reuters at dei har funne liket av Eugene Armstrong.

Gruppa Tawhid og Jihad (Einskap og heilag krig) tok sist torsdag to amerikanarar og ein brite som gislar. Laurdag varsla gruppa at gislane ville bli drepne innan 48 timar om ikkje USA set fri alle kvinnelege fangar frå Abu Ghraib-fengselet utanfor Bagdad og fengselet i Umm Qasr sør for Basra.

To kvinner skal vere i amerikansk varetekt på ukjend stad. Det er snakk om to kvinner som skal ha stått sentralt i utviklinga av Iraks masseøydeleggingsvåpen under Saddam Hussein.

USA har gjort det klart at det ikkje er kvinnelege fangar i dei to fengsla. Dei tre gislane vart bortførde frå heimane sine i Irak.

Eugene Armstrong skal ha blitt teken av dage i dag. (Scanpix-foto)
Det var den arabiske fjernsynskanalen Al Jazeera som i kveld melde at kdinapparane har lagt ut ein video av avrettinga på internett.

Al Jazeera seier at videoen viser ein maskert mann som kuttar hovudet av Armstrong med ein kniv. På videoen blir det også lest opp ei erklæring der det heiter at dei to andre gislane, amerikanarane Jack Hensley og briten Kenneth Bigley, også vil bli drepne, dersom ikkje alle kvinnelege fangar blir sette fri innan 48 timar.

Gruppa Tawhid og Jihad blir leidd av Abu Musab al-Zarkawi, som skal vere nært knytt til Al Qaida-nettverket

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no