skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Opprørarane har kontroll i Najaf

Opprørarane held framleis stand inne i Imam Ali-moskeen. Her frå fredagsbøna i går. (Foto: AP/Scanpix)
Opprørarane held framleis stand inne i Imam Ali-moskeen. Her frå fredagsbøna i går. (Foto: AP/Scanpix)
Opprørshæren som blir leidd av Moqtada al-Sadr har framleis full kontroll over moskeområdet i den heilage irakiske byen Najaf.

Publisert 21.08.2004 09:10. Oppdatert 21.08.2004 09:49.
Av Bent J. Tandstad

MIlitsen til al-Sadr i Najaf er tungt væpna, og har ikkje planar om å overgi seg. (Foto: AFP/Scanpix)
Ein korrespondent for nyheitsbyrået Reuters seier at tilhengjarane av den ytterleggåande leiaren Moqtada al-Sadr kontrollerer både sjølve moskeen og gatene rundt.

Eksplosjonar

Det var i morgontimane i dag fleire kraftige eksplosjonar i området, men det er uklart kva som forårsaka desse. Ein opprørssoldat som Reuters har snakka med seier at det var angrep frå amerikanske fly, men dette er ikkje stadfesta av andre kjelder.

Ein av talsmennene til Moqtada al-Sadr seier at det blir starta nye forhandlingar om Imam Ali-moskeen, den fjerde mest heilage staden for sjiamulsimar i verda, om kort tid. Talsmannen seier at medarbeidarar av storayatolla Sistani skal delta i forhandlingane.

Sistani

Han tek opp att opprørarane vil overlate Imam Ali-moskeen til representantar for storayatollaen. Sistani er den øvste leiaren for sjiamuslimane i Irak, og ligg for tida på sjukehus i London.

Den same talsmannen seier også at Mehdi-hæren, som opprørsmilitsen til Moqtada al-Sadr kallar seg, vil halde fram med å vakte Imam Ali-moskeen etter ei overlevering til Sistanis folk.

I går vart det meldt at opprørarane hadde overlevert nøklane til Imam Ali-moskeen til Sistanis folk, men i dag blir dette avkrefta.

Det irakiske innanriksdepartementet melde også i går at politistyrkar hadde teke kontroll over moskeområdet, noko som viste seg å vere rein feilinformasjon. Det vart også sagt at 400 opprørarar var arresterte, men truleg er også dette feil.

Al-Sadr

Det er uklart kvar opprørsleiaren al-Sadr oppheld seg, men i går vart det spekulert i om han hadde reist frå Najaf i løpet av natta før. Andre kjelder seier at han framleis er i Najaf, og at han ikkje kjem til å overgi seg til irakisk politi eller dei amerikanske styrkane som også står i byen.

Det var relativt roleg i Najaf i natt, medan det var harde kampar i nabobyen Kufa 10 kilometer aust for Najaf. Kampane heldt på i tre timar, og gjekk føre seg like ved moskeen og ein rettsbygning i byen.


Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no