21.11.2009

Torturerer irakiske born

Ifølgje tysk fjernsyn er ungar blitt torturert i Irak. Minst 107 born sit i USA-kontrollerte irakiske fengsel, stadfestar den internasjonale Raudekrossen.

I kveld viser den tyske fjernsynskanalen ARD eit program som avslører at ungar er blitt mishandla og torturert i irakiske fengsel kontrollert av USA.

ARD har ei tilsvarande rolle i Tyskland som NRK i Noreg.

Også i det mykje omtalte Abu Ghraib-fengselet skal det sitje born.Også i det mykje omtalte Abu Ghraib-fengselet skal det sitje born.

- 107 born sit fengsla

- Våre representantar fann 107 personar under 18 år mellom januar og mai i år. Vi fann dei i seks forskjellige fengsel kontrollert av amerikanske styrkar, seier Florian Westphal i den internasjonale Raudekrossen.

Organisasjonen er avhengig av godvilje frå myndigheitene som kontrollerer fengsla dei vitjer. Difor røper dei aldri kva slags handsaming fangane dei har møtt er blitt utsett for.

Men i fjernsynsprogrammet som ARD sender i kveld, skal det vere ei rekkje andre kjelder, mellom anna FN-organisasjonen Unicef og amerikanske offiserar.

Born i Abu Ghraib

Raudekrossen viser stor merksemd mot mindreårige i fengsel.

- Vi er alltid spesielt skjerpa når vi finn mindreårige i fengsel, for dei har ein spesiell trong for mat, medisinsk hjelp og kontakt med familien. Difor har vi ekstra merksemd på desse tilfella, seier Florian Westphal.

Han stadfestar at det mykje omtalte Abu Ghraib-fengselet er eitt av fengsla Raudekrossen har vitja.

John Peder Egenæs i norske Amnesty.John Peder Egenæs i norske Amnesty.

- Dette er diverre ikkje sjokkerande ein gong, for vi veit jo at det har site born på Guantanamo i lang tid. Men det gjer det ikkje mindre forferdeleg, seier John Peder Egenæs i norske Amnesty.

- Amerikanarane har arrestert folk nærast vilkårleg i store delar av Irak, dei har halde dei internert i lang tid utan å tiltale dei for noko som helst, og vi veit no at mange er blitt torturert. Det at dette også gjeld born, i alle fall interneringa, og det ryktast også mishandlinga, viser berre korleis amerikanarane totalt foraktar all internasjonal rett, seier Egenæs.

Krev at borna slepp fri

John Peder Egenæs i Amnesty meiner at det internasjonale samfunnet no må stille tøffare krav til amerikanarane.

- At ein har born fengsla på ubestemt tid utan noko tiltale, for det gjeld så vidt vi veit alle dei kring 6000 internerte som amerikanarane har i Irak, er under einkvar kritikk, seier Egenæs.

- Det understrekar det faktum at alle som har kontakt med amerikanske myndigheiter må begynne å stille krav til korleis dei opptrer, både i Irak og Afghanistan, og både under paraplyen krigen mot terror og i Irak, legg han til.

Norske Amnesty krev at borna vert sette fri.

- I utgangspunktet må vi seie at born under 18 år bør setjast fri umiddelbart, seier Egenæs.

Lyd og video

Lenker

Siste utenriksnyheter

Neste sending: Urix

Urix

NRK2, torsdag 26.11. kl. 21.25 | Legg i kalender[?]

Utanriksmagasin frå nyheitsredaksjonen. Programleiar: Gunnar Myklebust.

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/urix.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: urix@nrk.no

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Neste sending: Verden på lørdag

Verden på lørdag

NRK P2, lørdag 21.11. kl. 11.03 | Legg i kalender[?]

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK