skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Fire drepne i Bagdad

Den firehjulsdrivne bilen vart fullstendig øydelagd i angrepet. (Foto: AP/Scanpix)
Den firehjulsdrivne bilen vart fullstendig øydelagd i angrepet. (Foto: AP/Scanpix)
Fire menneske vart drepne då eit pansra køyrety eksploderte berre 500 meter frå inngangen til det amerikanske hovudkvarteret i Bagdad i dag.

Publisert 24.05.2004 13:33. Oppdatert 24.05.2004 14:42.
Fire menneske vart drepne i angrepet på eit pansra sivilt køyrety i Bagdad i dag. (Foto: AFP/Scanpix)


Av Bent J. Tandstad

Ein talsmann for den amerikanske okkupasjonsstyrken opplyser at alle dei fire var utlendingar, og at minst to av dei var frå Storbritannia.

Tryggingsfirma

Nyheitsbyrået Reuters melder at bilen som vart sprengd tilhøyrde eit privat tryggingsfirma som har oppdrag for den amerikanske okkupasjonsstyrken. Ei kjelde seier til byrået at bilen vart treft av ein rakettdriven granat.

Sist måndag vart presidenten i det USA-innsette styringsrådet, Ezzedine Salim, drepen i ein bombeeksplosjon ved ein annan inngang til det amerikanske hovudkvarteret, den såkalla grøne sona.

Det amerikanske hovudkvarteret vart skaka av ein kraftig eksplosjon i føremiddag, og det vart sett svart røyk stigande opp frå området. Det er førebels uklart kva eksplosjonen skuldast, men området blir stadig vekk utsett for angrep med rakettar og granatar.

1200 drepne

Nesten 1200 irakarar er drepne og 2350 er såra i Irak sidan 5. april, opplyser det irakiske helsedepartementet. Talet omfattar dei som er drepne i kampar i den sunnimuslimske byen Falluja og dei sjimasuslimske heilgane byane sør for Bagdad.


Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no