skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Seks drepne i Bagdad

Seks menneske er drepne i ein kraftig eksplosjon ved eit hotell i sentrum av Bagdad onsdag kveld.

Publisert 17.03.2004 18:22. Oppdatert 18.03.2004 10:29.
Hotellet vart heilt øydelagt i eksplosjonen. (Reuters/Scanpix-foto)

Flammane frå det øydelagde hotellet lyste opp på kveldshimmelen. (Foto: Reuters/Scanpix)

Av Bent J. Tandstad

Ein amerikansk militær talsmann i Bagdad seier at hotellet som vart råka blir brukt av både irakarar og vestlege statsborgarar. Det skal vere sivile amerikanarar blant dei skadde. Det var ei kraftig bilbombe som eksploderte.

Øydelagt

Hotellet vart heilt øydelagt i eksplosjonen. Reuters-journalist Luke Baker seier at han såg fleire lik som vart tekne ut av ruinane, og at fleire menneske var fanga under betongmassane.

- Eg såg mange, mange døde menneske. Det er også born blant dei døde, seier Raed Abdul Karim (30), som var augevitne til det som skjedde. Han kan fortelje at det bur både sjiamuslimar, sunnimuslimar og kurdarar i området som vart råka.

Hotellet som vart verst råka ligg likevel dei meir kjende Sheraton hotell og Palsestine hotell. Det ligg nær Firdows-torget, der ein statue av Saddam Hussein vart riven ned for opne fjernsynskamera 9.april i fjor, etter at amerikanske soldatar hadde teke kontroll over Bagdad.

I brann

Både hotellet, fleire nabohus og bilar stod i brann etter eksplosjonen, som sende kaskadar av flammar og røyk opp i nattehimmelen. Lysglimtet etter eksplosjonen kunne sjåast frå heile Bagda-området.

Ein amerikansk tanks har teke oppstilling like ved eksplosjonsstaden. (Foto: Reuters/Scanpix)


Dei råka bygningane vart sterkt øydelagde i eksplosjonen, som augevitne fortel var svært kraftig. Fleire augevitne sa tidleg at det var ei bilboombe, men det vart ei stund også spekulert i om det var ein rakett.

Viseinnanriksminister Ahmed Kadhim sa like etter eksplosjonen at det truleg var snakk om eit rakettangrep.


Flammane og røyken etter eksplosjonen kunne sjåast frå heile Bagdad. (AP/Scanpix-foto)

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no