skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Våpenekspert ut mot Blair

Den britiske våpeneksperten Brian Jones seier at ekspertane sin tvil om Irak hadde masseøydeleggingsvåpen, vart avvist av den britiske regjeringa.

Publisert 04.02.2004 17:50. Oppdatert 04.02.2004 18:08.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Bent J. Tandstad

Forsvarseksperten Brian Jones skriv i ein artikkel i London-avisa The Independent i dag at det britiske forsvaret sine eigne ekspertar var sterkt i tvil om Irak verkeleg hadde masseøydeleggingsvåpen, men at den britiske regjeringa ikkje høyrde på dei.

Det var frå publikumsgalleriet Tony Blair møtte sterkast motstand i Underhuset i dag. Foto: Reuters-Scanpix)

Richard Hering var ein av demonstrantane som vart kasta ut av det britiske parlamentet i dag. (Foto: Reuters/Scanpix)

Ekspert

Jones var Det britiske forsvarsdepartementet sin fremste ekspert på masseøydeleggingsvåpen, og leidde avdelinga for etterretning om atomvåpen og kjemiske og biologiske våpen heilt til han gjekk av i fjor.

Brian Jones skriv at informasjonen som regjeringa gjekk ut med om trusselen frå Irak, var misvisande, og at våpenekspertane ikkje nådde ut med sitt syn.

Han oppmodar Tony Blair om å offentleggjere etterretningsmaterialet som låg til grunn for påstanden om at Irak hadde eit aktivt program for produksjon av kjemiske våpen, og at landet kunne setje i gang eit angrep 45 minutt etter at det var gitt ordre om.

Underhuset

Vaktene i det britiske parlamentet måtte rydde tilhøyrargalleriet under diskusjonen om Hutton-rapporten i dag, etter at demonstrantar laga bråk. Debatten i Underhuset vart avbroten for ein kortare periode, slik at vaktene kunne kaste ut bråkmakarane og stengje publikumsgalleriet.

Tre menn og to kvinner måtte førast ut med makt, etter at dei hadde forstyrra statsminister Tony Blair sitt innlegg ved å rope "drap", "kvitvasking" og "ikkje meir krig".
Då demonstrantane var kasta ut, vart det straks ei langt rolegare stemning i Underhuset.

Frikjenning

Blair tolka som venta Hutton-rapporten som ei total frikjenning av regjerigna sin handlemåte i saka omkring sjølvmordet til våpeneksperten David Kelly.

Han vedgjekk i parlamentet i dag at, trass i iherdig innsats, dei som har leitt etter ulovlege våpen i Irak, ikkje har funne det dei har jakta på.

Blair sa også at den amerikansk-britiske overvakingsgruppa for ulovlege våpen i Irak hadde funne laboratorium og materiale som kunne tyde på brot på FN sine resolusjonar.

- Eg vedgår at vi ikkje har funne det eg og mange andre, inkludert David Kelly, hadde venta å finne, nemleg ulovlege våpen som var klare til bruk, sa Blair blant anna.

Forsvarte krigen

Han forsvarte likevel avgjerda om å gå til krig mot Irak, og fjerne Saddam Hussein. Dette kunne sikre at Saddam Hussein ikkje kunne skaffe seg masseøydeleggingsvåpen på eit seinare tidspunkt.

I går annonserte Tony Blair at det vil bli sett ned ein uavhengig kommisjon som skal sjå på grunnlaget for Storbritannia til å gå til krig mot Irak saman med USA.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no