20.03.2010

Bush med kunstig kalkun

President George W. Bush med kalkunbrettet i messehallen i Bagdad. (Foto: Anja Niedringhaus / AP / Scanpix)President George W. Bush med kalkunbrettet i messehallen i Bagdad. (Foto: Anja Niedringhaus / AP / Scanpix)

Biletet av presidenten som serverer kalkun til troppene sine, er det alle hugsar etter at George W. Bush var på overraskande lynvisitt i Bagdad. Kalkunen var dessverre kunstig.

Presidenten fotografert med meir normal mat på tallerken. (Foto: Larry Downing / Reuters / Scanpix)  Presidenten fotografert med meir normal mat på tallerken. (Foto: Larry Downing / Reuters / Scanpix)

Det er avisa Washington Post som krafsar i president-omdømet etter turen til den irakiske hovudstaden.

Der dukka den amerikanske presidenten opp i ein messehall på sjølvaste Thanksgiving-dagen for å helse på troppene.

Rydda framsidene

Under det to og ein halv timar lange besøket greip presidenten eit stort fat med ein flott, gyllenbrun kalkun, og fotografen frå byrået AP var straks på pletten.

Biletet av den øvstkommanderande som med eit stort smil ber festmåltidet rundt i messehallen, fekk avisene til å rydde framsidene.

Dekorasjon

Dessvere var det snakk om ein dekorasjon, truleg framstilt av plast. Altså noko heilt anna enn dei store mengdene med ekte kalkunkjøt som den amerikanske okkupasjonsstyrken importerer for å tilfredsstille soldatane.

Lynvisitten til Bagdad var likevel nok til å gje George W. Bush eit positivt utslag på meiningsmålingane.

Spørsmål ved truverdet

Men Washington Post-journalist Mike Allen påpeikar at den falske kalkunen på ny reiser spørsmål ved truverdet til Det kvite hus under president Bush.

I artikkelen får han nemnt både dei forsvunne masseøydeleggingsvåpna, og spørsmålet om kven som eigentleg plasserte "Mission Accomplished"("oppdraget fullført")-banneret på hangarskipet "Abraham Lincoln" då presidenten erklærte krigshandlingane i Irak for fullførte.

Relevant

Etter mange spørsmål og innvendingar frå lesarane svara den såkalla ombodsmannen til Washington Post at han framleis ser dekninga deira av saka som relevant.

Men han seier samstundes at dei burde ha overlete til lesarane sjølve å vurdere om ein kunstig kalkun kan rokke ved truverdet til presidenten.

Siste utenriksnyheter

Neste sending: Urix

Urix

NRK2, mandag 22.3. kl. 22.10 | Legg i kalender[?]

Utenriksmagasin fra nyhetsredaksjonen.

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/urix.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: urix@nrk.no

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Neste sending: Verden på lørdag

Verden på lørdag

NRK P2, lørdag 20.3. kl. 11.03 | Legg i kalender[?]

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: vpl@nrk.no

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.