skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Avviser at Saddam-topp er teken

Den amerikanske hæren avviser at Izzat Ibrahim, den mest ettersøkte mannen i Irak etter Saddam Hussein, er teken til fange.

Publisert 02.12.2003 11:17. Oppdatert 02.12.2003 17:01.
Av Bent J. Tandstad

Det var fleire medlemer av det irakiske styringsrådet som opplyste atIzzat Ibrahim var teken til fange eller drepen i Kirkuk. Den amerikanske hæren ville først ikkje kommentere meldinga, men har seinare i ettermiddag avvist at mannen er arrestert.

Izzat Ibrahim al-Duri blir rekna for å vere Saddam Husseins sterkaste støttespelar i Irak i dag. Biletet vart teke i mars i år. (Foto: AFP-Scanpix)


Storangrep

Fleire medlemer av styringsrådet sa tidlegare i dag at amerikanske styrkar i natt gjekk til eit storangrep mot eit "svært mistenkjeleg mål" i Kirkuk, og at det er svært sannsynleg at Izzat Ibrahim er teken til fange eller drepen. Også eit anna høgtståand medlem av styringsrådet seier til Reuters at han hadde fått opplyst at Ibrahim var teken til fange.

Tenestemenn i den lokale regjeringa i Kirkut fortel at byen summar av rykte om at Ibrahim no er i USA si varetekt, men kan ikkje stadfeste at dette stemmer.

Støttespelar

Dei amerikanske styrkane har rekna Izzat Ibrahim al-Duri som den tidlegare presidenten Saddam Hussein sin viktigaste støttespelar i kampen mot okkupasjonen. Dei trur mannen har planglagd fleire av dei mest alvorlege angrepa mot dei amerikanske styrkane.

Den amerikanske administrasjonen i Irak har sett ein duslør på 10 millionar dollar, rundt 70 millionar norske kroner, på hovudet til Izzat Ibrahim, som er Kløverkongen i den amerikanske kortstokken over ettersøkte irakiske leiarar.

Han var opprinneleg nummer seks på lista, men alle dei som stod mellom han og Saddam er anten drepne eller tekne til fange. Dersom det viser at Izzat Ibrahim verkeleg er teken til fange vil det vere ein stor prestisjesiger for dei amerikanske okkupasjonsstyrkane i Irak.

Saddam

Saddam Hussein sjølv er Sparessen i kortstokken, og dusøren på hans hovud er sett til 25 millionar dollar, rundt 150 millionar norske kroner.

Den amerikanske overmkommandoen i Irak har opplyst at dei har kona og dottera til Izzat Ibrahim i si varetekt, etter å ha arrestert dei i byen Samara tidlegare denne månaden.

November har vore den verste månaden for dei amerikanske styrkane i Irak etter angrepet på landet i mars. Minst 74 amerikanske soldatar vart drepne i løpet av november.




Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no