skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Helikopteret truleg nedskote

Seks amerikanske soldatar er drepne etter at eit Blackhawk-helikopter styrta utanfor Tikrit i Irak i dag. Helikopteret vart truleg skote ned.

Publisert 07.11.2003 08:32. Oppdatert 07.11.2003 12:11.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Bent J. Tandstad

Amerikanske soldatar i Tikrit som Reuters har snakka med seier at helikopteret truleg vart skote ned av irakiske opprørarar. Ingen om bord i helikopteret skal ha overlevd. Dette er ikkje stadfesta av offisielle kjelder. Tikrit er fødebyen til Sadam Hussein, og er rekna for å vere eit av områda der han har sterkast støtte.

Ein amerikansk talsman seier at helikopteret var tvunge ned, "was forced down", men det er ikkje klart kva dette betyr. Ei talskvinne for den amerikanske hæren seier til Reuters at årsaka til helikopterstyrten er ukjend, og at etterforskinga ikkje er avlsutta.

Det var eit helikopter av denne typen som styrta i Tikrit i dag. (reuteres-foto)


Sist søndag vart eit amerikansk helikopter av typen Chinook skote ned vest for Bagdad, og 16 soldatar miste livet. Dette var det alvorlegaste slaget mot dei amerikanske styrkane i Irak sidan krigen starta i mars i år.

Tidlegare i dag vart ein amerikansk soldat drepen og seks andre skadde i eit angrep i Mosul nord i Irak, opplyser det amerikanske forsvaret. Ein amerikansk militærkolonne vart angripen med rakettar.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no