skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
Ein amerikansk soldat og irakiske politimenn står vakt i Saadoon-gata, der bilbomba eksploderte. (Foto: Ahmad Al-Rubaye/AFP/Scanpix)
Ein amerikansk soldat og irakiske politimenn står vakt i Saadoon-gata, der bilbomba eksploderte. (Foto: Ahmad Al-Rubaye/AFP/Scanpix)

Sju drepne av bilbomber

Minst sju irakiske politimenn blei drepne og fleire skadde då truleg to bilbomber eksploderte utanfor eit hotell i sentrum av Bagdad, opplyser irakiske tenestemenn.

Publisert 12.10.2003 12:46. Oppdatert 12.10.2003 21:25.
Av Tor Helge Haugland

Bilder fra hotellområdet

Se reportasjen i Søndagsrevyen

Eit amerikansk helikopter flyg over eksplosjonsstaden i sentrum av Bagdad. (Foto: Ramzi Haidar/AFP/Scanpix)
Telegrambyrået Reuters skriv at Bagdad Hotel, som truleg var målet for dei kraftige eksplosjonane, blir brukt av amerikanske etterretningsoffiserar og anna tryggingspersonell.

CIA

Det er hevda at hotellet er brukt som hovudkvarter av den amerikanske etterretningsorganisasjonen CIA i Bagdad, men dette blir tilbakevist av amerikanske kjelder. Irakisk politi seier at også medlemmer av det USA-innsette styringsrådet bur på hotellet.

Irakisk politi seier at minst seks irakiske politimenn, som
stod vakt utanfor hotellet, blei drepne. Minst 32 personar skal vere skadde.

- Ein kvit bil utanfor hotellet stod i brann, seier politiet.

Gjennom barriere

Eit irakisk augevitne seier at han såg ein kvit bil køyre tvers gjennom ein barriere framfor hotellet, før ei tryggingsvakt skaut mot den, og bilen eksploderte.

Ein CNN-reporter seier at han kjende eksplosjonen i Palestine Hotel fire kvartal unna Bagdad Hotel.

Etter eksplosjonane har store mengder tungt utrusta amerikanske soldatar kome til staden, og feire militære helikopter krinsar over.

Også store folkemengder samla seg i sentrum av Bagdad etter eksplosjonane. Nokre stader blei det ropt slagord mot den amerikanske okkupasjonsmakta.

Eksplosjonane var så kraftige at ein tryggingsvegg av betong utanfor hotellet velta over ende, medan butikkvindauge nedover heile gata blei smadra. Også underetasjen i bygningen ved sida av hotellet tok fyr.

To bilar

Ein politimann på staden sa at ein bil blei køyrd av ein sjølvmordsbombar, medan ein annan bil stod parkert utanfor hotellet, fyld med sprengstoff.

Augevitne sa at det kom ein mindre eksplosjon kort tid etter den første, men dette er ikkje stadfesta av andre.

Den amerikanskleia administrasjonen i Irak skulda Saddam-lojale opprørarar for å stå bak angrepet.

LENKER
Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no