USAs president George W. Bush vedgår for første gong at det ikkje er bevis for at Saddam Hussein var innblanda i terrorangrepa 11. september 2001.
Av
Bent J. Tandstad
Bush er likevel sikker på at det var band mellom terrornettverket Al Qaida og Saddam Hussein. Ei meiningsmåling viser at sju av ti amerikanarar trur Saddam Hussein var innblanda i terrorangrepa.
Kritikarar av krigen i Irak har skulda USA for med vilje å ha spreidd opplysningar om band mellom Al Qaida og det tidlegare irakiske regimet, for å få støtte blant inn byggjarane i USA til å gå til krig mot Irak.
|
George W. Bush vedgår at det ikkje er bevis for at Saddam Hussein var medansvarleg for terrorangepa 11. september 2001. |
Dette kan slå tilbake på George W. Bush, med tanke på den føreståande valkampen, meiner politiske observatørar BBC har snakka med.
Mange amerikanarar trur blant anna at fleire av kaprarane som var med på terrorangepa 11. september, var irakiske, og at irakiske styresmakter hadde regien på angrepa. Ingen av kaprarane var irakiske, faktisk var fleirtalet frå Saudi-Arabia, ein nær alliert av USA.