skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

- Mobilt laboratorium funne

Ein talsmann for det amerikanske forsvarsdepartementet seier at dei amerikanske styrkane i Irak har funne eit mobilt laboratorium for utvikling av biologiske våpen.

Publisert 07.05.2003 21:45.
Av Tor Helge Haugland

Kunngjeringa blei framførd av etterretningssjefen i Pentagon, Stephen Cambone, på ei orientering i det amerikanske forsvarsdepartementet.

Cambone sa at ingen tilsetjingsstoff for bakteriologiske våpen var funne i laboratoriet, men at lastebilen kom til å bli nøye granska.

Han sa at at dei amerikanske styrkane tok hand om det mobile produksjonsutstyret 19. april. Utstyret var måla i militære fargar, og amerikanarane tok hand om det på ein kurdisk kontrollpost ved byen Tall Kayf i Nord-irak.

Pentagon trur regimet til den no styrta president Saddam Hussein har brukt lastebilen som eit mobilt laboratorium, skriv telegrambyrået Reuters.

Delar av utstyret på lastebilen kan ha blitt brukt til anna enne å produserte biologiske tilsetjingsstoff.

- Men amerikanske og britiske ekspertar har konkludert med at eininga ikkje ser ut til å ha hatt andre funksjonar enn produksjon av slike stoff, sa Cambone.

Vidare undersøkingar av køyretøyet skal gjerast i den irakiske hovudstaden Bagdad, der lastebilen skal plukkast frå kvarandre, fortalde han.

Biologiske våpen kan vere levande mikroorganismar som blir brukte for med vilje å spreie sjukdommar.

USA gjekk til krig mot Irak for å øydeleggje masseøydeleggingsvåpna til landet, men til no har verken amerikanarane eller våpeninspektørane frå FN som var i Irak fram til krigen starta, funne slike våpen.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no