skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
I denne bygningen i landsbyen Biara hadde organisasjonen til Krekar, Ansar al-Islam, hovudkvarter. (Foto: Nils Tore Hjørnevik, NRK)
I denne bygningen i landsbyen Biara hadde organisasjonen til Krekar, Ansar al-Islam, hovudkvarter. (Foto: Nils Tore Hjørnevik, NRK)

Påstår bin Laden-samband

Ein av dei tidlegare medarbeidarane til mulla Krekar hevdar overfor NRK at kurdarleiaren hadde kontakt med og fekk pengar av Osama bin Laden.

Publisert 27.04.2003 19:00. Oppdatert 28.04.2003 13:09.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Kari-Grete Alstad og Tor Helge Haugland

- Krekar mottok også pengar frå terrornettverket Al Qaida, seier den tidlegare medarbeidaren til Krekar i den fundamentalistiske organisasjonen Ansar al-Islam.

Mannen med dekknamnet Anas sit no fengsla i det kurdiske Nord-Irak, og det er der NRK har møtt han.

Mannen med dekknamnet Anas sit no fengsla i det kurdiske Nord-Irak. (Foto: Nils Tore Hjørnevik, NRK)
Det skjedde då reportasjeteamet vårt besøkte området der mulla Krekar opererte som leiar for den militante, islamske utbrytarrørsla samstundes som han hadde asyl i Noreg. Folk i området vågar no å snakke fritt om det som skjedde.

Kodar

- Mulla Krekar hadde gode samband med Osama bin Laden. Dei kommuniserte med kvarandre med hemmelege kodar og passord, fortel Anas.

Han meiner at mulla Krekar utan tvil tok imot pengar frå Al Qaida, men han kan ikkje seie om pengane kom frå Afghanistan eller ein annan stad.

- Han var utan tvil leiar for ei terroristgruppe, men denne gruppa eksisterer ikkje lenger, seier Anas, som påstår at han kjende godt til aktivitetane til mulla Krekar. Sjølv seier han at han hadde gått ut av Ansar al-Islam før den USA-leia krigen mot Irak, fordi han ikkje ønskte å vere med på terrorverksemd lenger.

Dommedag

- Dei oppmodar folka sine til terroraksjonar. Særleg mulla Krekar. Han heldt møte der han forvissa dei om at det ville vere positivt for dei når dommedagen kjem, seier han.

- Mullah Krekar sende nokre av medlemene sine til Al Quida for at dei skulle få opplæring i å utføre terroraksjonar, påstår mannen.

- I 2000 møtte mullah Krekar Aiman Zawahiry, som var Osama bin Ladens nestkommanderande i Teheran. Dei to møtte kvarandre i løynd i en park. Zawahiry kom i vanlege klede for ikkje å vekkje oppsikt. Han sov i parken for ikkje å bli gjenkjend, fortel Anas.

Oppmoda

Mulla Krekar fotografert i Oslo tingrett. Bak står advokaten hans, Brynjar Meling. (Foto: Knut Fjeldstad/Scanpix)
- Lærte han også opp sjølvmordsbombarar?

- Mulla Krekar oppmoda dei berre, fordi han sjølv ikkje har så mykje militær erfaring. Men han fekk andre til å trene folka sine.

- Blei det utført aksjonar?

- Ja, utan tvil. Mange slike aksjonar er utførde i Kurdistan, svarar han.

Tortur

Mulla Krekar har høyrt på lyden frå intervjuet med den fengsla mannen i Nord-Irak, og stadfestar gjennom advokaten sin, Brynjar Meling, at han kjenner igjen røysta hans. Men Krekar vil førebels ikkje sjølv kommentere intervjuet overfor NRK.

Advokat Brynjar Meling påpeikar overfor NRK at mannen no sit fengsla hos den kurdiske frigjeringsorganisasjonen PUK, og mest sannsynleg er utsett for tortur.

Dette forklarar påstandane hans om Krekar, meiner Meling, som seier at Krekar framleis nektar for at han har hatt noko med Osama bin Laden å gjere.

Krekar nektar også for at han hadde eit møte med Aiman Zawahiry i år 2000.

- Berre dateringa viser at dette er eit falsum, fordi dette er halvtanna år før skipinga av Ansar al-Islam, seier Meling.

Økokrim etterforskar Krekar, som er mistenkt for å ha planlagt terrorhandlingar. Økokrim opplyser at dei no vil reise til Nord-Irak for å etterforske den påståtte terror-tilknytning til Krekar.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no