skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

FBI etterforskar plyndring

USA sender FBI-agentar til Bagdad for å etterforske plyndringa av uvurderlege historiske gjenstandar frå irakiske museum.

Publisert 18.04.2003 11:06. Oppdatert 18.04.2003 15:43.
Av Bent J. Tandstad

I går gjekk leiaren for presidenten George W. Bush sin rådgjevarstab for kulturelle spørsmål, Martin Sullivan, av i protest mot at USA ikkje greidde å hindre plyndringa av blant anna det arkeologiske museet i Bagdad. Han kallar øydelegginga for ein tragedie, og meiner at amerikansk likesæle er årsaka til at det gjekk som det gjekk.

Ein amerikansk stridsvogn har teke stilling inne i det arkeologiske museet i Bagdad. (Reuters-foto)


Også to andre medlemer i rådgjevarstaben skal ha trekt seg- Ein av dei er Gary Vikan.

Plyndring

Det var fredag for ei veke sidan at det nasjonale arkeologiske museet i Bagdad vart plyndra. Fleire tusen år gamle gjenstandar er stolne eller øydelagde, mange av dei frå det gamle Babylon, som er rekna for å vere vår sivilasjon si vogge.
Ei stridsvogn vaktar det arkeologiske museet i Bagdad, etter omfattande plyndring sist veke. (Reuters-foto)


USA har fått sterk kritikk frå heile verda for ikkje å ha gjort noko for å stanse plyndinga, som blir sagt å vere godt planlagt. Kritikarane meiner at USA i god tid før invasjonen vart åtvara mot at dette kunne skje.

Både amerikanske arkeologiorganisasjonar og FNs kulturorganisasjon UNESCO kontakt det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon fleire månader før krigen. Her blei det gitt informasjon om dei historiske og kulturelle skattane som var i Irak.

Få meter unna

Amerikanske soldatar stod få meter unna då det arkeologiske museet vart plyndra sist fredag, og dette har ført til svært sterke reaksjonar, ikkje minst i andre arabiske land.

Den amerikansk eksperten Mc Guire Gibson, som er professor ved Universitetet i Chicago og ekspert på kulturskattane i Irak, meiner at plyndringa var godt planlagt av ein organisert bande av kunstjuvar.

- Iallefall ein del av plyndringa var overlagt og planlagt, sa han på ein UNESCO-konferasen i Paris skjærtorsdag. Der var 30 ekspertar samla for å evaluere kva skadar som er gjort i museum og på arkeologiske område i løpet av krigen i Irak.

FBI

Det er uklart kor mange FBI-etterforskarar som no blir sende til Irak. Direktøren i FBI, Robert Mueller seier at dei skal gjere alt dei kan for å sikre dei historiske gjenstandane for det irakiske folket.

Ei talskvinne for Det kvite hus i Washington seier at det er utlovd dusørar for dei som kan gi opplysningar om kvar stolne gjenstandar kan vere. - Vi har god von om at det skal hjelpe, seier Claire Buchan.

Århundrets brotsverk

Sjefen for det nasjonale arkeologiske museet i Bagdad, Donny George, kalla i dag plyndringa av museet og USAs manglande forsøk på å stanse ugjerningane, for århundrets verste brotsverk.

- Det som har skjedd i museet, og det eg fryktar har skjedd ved dei arkeologiske utgravingsfelta andre stader i landet, er århundrets brotsverk. Dette fordi det påverkar heile menneskeslekta sin kulturarv, sa han pressefolk i Bagdad i dag.

- Det verkar spm om dei amerikanske soldatane prioriterte heilt andre ting enn å ta seg av plyndringa av museet, sa Donny George lakonisk.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no