skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Syria nektar inspeksjonar

Syria vil ikkje godta inspeksjonar for å finne ut om landet har kjemiske våpen, slik USA har hevda.

Publisert 17.04.2003 14:17.
Av Bent J. Tandstad

Det var Syrias utanriksminister Faruq al-Shara som sa dette under eit besøk i Egypt i dag. - Damaskus vil berre samabeide med sine arabiske brør og alle land i verda om å gjere Midtausten til ein region utan masseøydeleggingsvåpen, sa han. Han presiserte at det gjeld både kjemiske- og biologiske våpen og atomvåpen.
Syrias utanriksminister Faruk al-Shara godtek ikkje våpeninspeksjonar. (Reuters-foto)


Han gjorde det likevel klart at USAs utanriksminister Colin Powell er velkomen til Syria for samtalar som kan løyse den spente situasjonen mellom dei to landa.

Tidlegare denne veka foreslo Syria å gjere heile Midtausten til ei sone heilt utan masseøydeleggingsvåpen.

Det er ei kjend sak at Israel har atomvåpen, og dette er truleg bakgrunnen for at Syria no knyt eventuelle inspeksjonar av landet sine våpenprogram opp til Israel sine masseøydeleggingsvåpen.

Faruq al-Shara reiste til Cairo i dag for å overlevere ein bodskap frå president Bashar al-Assad til den egyptiske presidenten Hosni Mubarak, heitte det i ei melding frå syriske styresmakter tidlegare i dag. Det er uklart kva bodskap det er snakk om.

Den syriske utanriksministeren skal også ha samtalar med Abr Mussa, den tidlegare egyptiske utanriksministeren som no er president i Den arabiske liga, som har sitt hovudsete i Cairo.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no