skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Plyndring og lovløyse i Mosul

Plyndring og kaos pregar også den nordlige byen Mosul, etter at dei regulære irakiske styrkane har trekt seg ut av byen, melder frilansjournalisten Henrik Hovland.

Publisert 11.04.2003 06:33. Oppdatert 11.04.2003 12:51.
Av Bent J. Tandstad

Forfattaren og journalisten Henrik Hovland er inne i Mosul i det nordlege Irak. (Arkivfoto)
Den norske frilansjournalisten Henrik Hovland kan fortelje at det herskar lovløyse og kaos inne i byen. Han har ikkje sett noko til dei amerikanske styrkane som skal vere i området, og inne i sentrum er det heller ikkje kurdiske soldatar å sjå.

Hovudvegar

- Kurdiske soldatar kontrollerer alle hovudvegane inn til Mosul, men dei er ikkje inne i sjølve byen. Det er så vidt eg veit ingen regulære irakiske styrkar inne i Mosul. Eg har møtt det eg trur var irakiske soldatar som hadde skifta til sivil, men ikkje soldatar i uniform. Byen ber preg av at det ikkje lenger er nokon som har kontrollen her, seier Henrik Hovland.

Han fortel om utbreidd plyndring inne i byen, særleg av offentlege bygningar, symbola på Saddam Hussein sitt regime.

Hovland har inntrykk av at det i byrjinga var vanlege sivilistar som plyndra og øydela, men dei siste timane har meir organiserte væpna bandar har overteke. Folk tek seg til rette. Også væpna medlemer av Saddam Husseins Baath-parti har teke til gatene.

- Dei har gått til angrep på utanlandske journalistar, ja det vart også skote mot min bil, fortel Henrik Hovland på telefon frå Mosul. I bakgrunnen kan ein høyre skyting, og Hovland fortel at det er væpna grupper som kjempar om ransutbytte.

- Eg merkar at folk er urolege, at dei er redde for kaos, seier Hovland.

Kurdiske soldatar har innteke Kirkuk, og no står for Mosul for tur. (Reuters-foto)


Major Rumi Nelson-Greeen ved det amerikanske hovudkvarteret i Qatar seeier i føremiddag at Mosul har falle, og at amerikanske spesialstyrkar er inne i både Mosul og Kirkuk, som vart innteken i går.

- Vi er inne i sentrum av byen. Det er mykje folk ute i gatene, og kurdiske soldatar har sjekkpunkt fleire stader. Eg har ikkje sett amerikanske soldatar her, men Pesjmerga-styrkane seier at også amerikanarane er i byen, melde Reuters-journalisten Soheil Afdjei i dag tidleg. Han fortalde også at han høyrde skyting då han kom inn i byen, men at dette truleg var kurdarar som skaut i lufta for å feire.

Forhandlingar

Ein høgtståande leiar i Kurdistans demokratiske parti (KDP) seier til nyheitsbyrået AFP at Mosul enno ikkje har falle, men at irakiske offiserar er i forhandlingar med amerikanske militære leiarar om å overgi seg.

Han fortel at dei øvste offiserane i den irakiske hæåren sitt femte korps i går, saman med guvernøren i Mosul og overhovuda for viktige familiar i byen, sende ein delegasjon til KDP-leiaren Mossoud Barzani for å få til ei fredeleg overtaking av byen.

Delegasjonen skal ha bede Barzani om å bruke sitt gode forhold til amerikanarane for å kunne overgi byen utan meir kamphandlingar.

Henrik Hovland stadfestar denne meldinga, men seier det er uklart om partane har vorte samde om ein avtale.

På veg

Reuters melde i natt at amerikanske Abrams-stridsvogner er på veg mot Mosul. Samstundes melde Kurdistans demokratiske parti KDP at kurdiske og amerikanske styrkar er i ferd med å innta byen.

Donald Rumsfeld stadfesta seint i går kveld at dette blir gjort fordi mykje tyder på at dei ordinære irakiske styrkane i byen vil overgi seg utan kamp.

- Hittil har det vore ein roleg prosess. Styrkane som tek seg inn i byen blir helsa velkomne av folket, seier den amerikanske forsvarsministeren.

I går gjekk store kurdiske styrkar, støtta av amerikanske spesialsoldatar, inn i den viktige oljebyen Kirkuk, noko som førte til kraftige protestar frå Tyrkia. Tyrkia godtek ikkje at kurdarane tek kontroll over korkje Kirkuk eller Mosul, og USA skal ha gitt Tyrkia garantiar for at desse styrkane ikkje vil bli ståande.

Tyrkisk frykt

Tyrkia har trua med å gripe inn i konflikten dersom dei kurdiske soldatane blir ståande. Landet fryktar at kurdarane skal proklamere ein sjølvstendig stat i nordområda, og at dette kan nøre opp under kurdisk nasjonalisme også blant den store kurdiske minoriteten i Tyrkia.

Ein representant for Kurdistans patriotiske union (PUK) seier at dei kurdiske soldatane skal trekkje seg ut av Kirkuk i løpet av dagen. Donald Rumsfeld seier at kommunikasjonen med dei tyrkiske styresmaktene er god, og at amerikanske soldatar no er saman med dei kurdiske soldatane inne i Kirkuk.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no