USA-støtta kurdiske soldatar rykkjer stadig nærmare den viktige byen Mosul. I går kveld tok dei eit fjellområde like utanfor byen.
Av
Bent J. Tandstad
Ein talsmann for Kurdistans demokratiske parti (KDP), Hoshyar Zebari, seier at KDP-soldatane saman med amerikanske spesialstyrkar no kontrollerer fjellområdet Maqlub, som er svært viktig strategisk sett for å ta Mosul.
|
Kurdiske soldatar jublar over framgangen nær Mosul. (Reuters-foto) |
Viktig fjellområde
Maqlub-fjella ligg 15-18 kilometer utanfor den viktige byen Mosul. Zebari kan fortelje at dei har møtt liten irakisk motstand. - Vi hadde informasjon om at forsvaret av fjellområdet var godt, men soldatane fortel at dei ikkje har sett noko til det. Vi er overraska over mangelen på motstand frå regjeringsstyrkane, seier han.
|
Ein kurdisk soldat rettar geværet mot eit portrett av Saddam Hussein. (Reuters-foto) |
- Dette viser kor demoraliserte dei irakiske regjeringsstyrkane er, sa Zebari til journalistar i hovudvkvarteret sitt i byen Salaheddin. Han kalla utviklinga det viktigaste som har skjedd på nordfronten etter at krigen starta for 22 dagar sidan.
Han understreka av KDP-styrkane ikkje kjem til å handle på eiga hand. Alt vil skje i nært samarbeid med dei amerikanske styrkane, seier han.
Det er venta at dei kurdiske soldatane saman med amerikanske spesialstyrkar vil gå inn i Mosul i nær framtid, og deretter vidare til Kirkuk.
Jubel
I føremiddag var det jubelscener i den kurdisk-kontrollerte byen Arbil då nyheitene om framgangen til dei kurdiske og amerikanske styrkane nær Mosul vart kjende.
Zebari seier at mange kurdarar no verkeleg trur at regimet til Saddam Hussein no står for fall.