skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Gravid sjølvmordsbombar

Ei gravid kvinne var delaktig i ein sjølvmordsaksjon i Irak i dag der tre amerikanske soldatar vart drepne.

Publisert 04.04.2003 23:57. Oppdatert 04.04.2003 23:59.
Av Bent J. Tandstad

I tillegg til kvinne og soldatane vart også mannen som køyrde bilen kvinna var i drepen i eksplosjonen. Det skjedde ved eit sjekkpunkt i nærleiken av Hadithah-dammen om lag 20 mil nordvest for Bagdad.
Fjernsynsstasjonen Al Jazzeera viste i kveld bilete av kvinner som ville bli sjølvmordsbombarar.


Både irakiske og amerikanske styresmakter stadfestar at det var snakk om eit sjølvmordsangrep.

Ein sivil bil nærma seg sjekkpunktet. Ei gravid kvinne gjekk ut av bilen og byrja å skrike, som i frykt, heiter det i ei fråsegn frå den amerikanske overkommandoen i Qatar. Like etter eksploderte bilen, og tre soldatar vart drepne. Ytterlegare to vart såra. Den gravide kvinna og sjåføren vart også drepne av eksplosjonen, heiter det i fråsegna.

Den arabiske fjernsynsstasjonen Al Jazeera viste fredag kveld bilete av to kvinner som gav uttrykk for at dei ynskjer å gjennomføre sjølvmordsangrep for å forsvare landet sitt. (NTB-Reuters)

Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no