Iraks utanriksminister Naji Sabri seier at 1250 sivile irakarar er drepne og 500 skadde etter at krigen mot Irak starta 20.mars.
|
En irakisk mann skriker ut sin vrede etter at hans kone og barn ble drept i et amerikansk angrep. (Foto: Akram Saleh) |
Naji Sabri sa dette i eit intervju med nyheitsbyrået Reuters på Hotel Palestine i Bagdad i dag. Sabri skuldar samstundes FNs generalsekretær Kofi Annan for å hjelpe USA i invasjonen av Irak.
- FNS generalsekretær har ikkje gjort noko for å stanse krigen. Faktisk har han gjort det motsette. Han har gjort invasjonen lettare ved å trekkje tilbake UNSCOM-styrken mellom Kuwait og Irak, slik at dei fiendtlege styrkane kunne invadere Irak over den opne grensa, seier Naji Sabri i intervjuet.
Tala som Sabri oppgir er ikkje stadfesta av andre kjelder.
(NRK-NTB-Reuters)