skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Omstridt TV-kanal

Den Qatar-baserte arabiske TV-kanalen Al Jazeera er igjen omstridt. Den vart verdskjent og omdiskutert da den sendte opptak med Osama Bin Laden etter terrorangrepa den 11.september, seier NRKs utanriksreportar Sigrun Slapgard.

Publisert 29.03.2003 21:17.
Av Sigrun Slapgard

Sigrun Slapgard (foto: NRK).
Da Irak krigen starta var kanalen først ute med opptak av dei forste bombene over Bagdad. Nå er dei utsette for ein storm av kritikk for først å ha vist irakiske opptak av amerikanske krigsfanger, og seinare av drepte britiske soldater.

Reporter i Qatar Sigrun Slapgard har Al Jazeera som nærmeste nabo når hun rapporterer fra den amerikanske kommandosentralen:

Her ute i surret av alle TV-skjermane er det ei arabisk stemme som blandar seg markant i alt det engelsk-amerikanske.

Arabisk CNN

Kanalen som har blitt sagt å vere det arabiske CNN, ei samanlikning som ser ut til å bli meir og meir haltande. CNN er alt for regimetru, meiner dei fleste her - og akkurat det vil ikkje Al Jazeera ha på seg. Dei gjer eit poeng av at dei blir skjelt ut frå alle kantar.

I det arabiske nabolaget her har dei blitt utestengt frå Bahrain fordi dei angiveleg skulle vere for Israel-vennleg - kritikken kom etter å ha invitert også israelske personar til å delta i diskusjonsprogram.

På same måte blir dei bannlyste i Saudi-Arabia fordi dei tar visse religiøse tema opp til fri diskusjon. Men akkurat nå kjem hovudskytset frå USA og Storbrittania, og opptaka med dei forskremte tilfangetatte amerikanske soldatane treffte oss alle i magen, irakiske opptak som ikkje akkurat viser respekt for Geneve konvensjonen - og som Al Jazeera altså brakte vidare.

Rett etter at dette gjekk på lufta, vart stemninga amper - særleg blant våre amerikanske kollegaer her ute. Al JAzeera har kontoret sitt i eit hjørne like ved hovudinngangen til briefingrommet. Nå matte dei tåle mange sviande kommentarar.

Klipt over

Men ikkje berre det: Da generalen gjekk i gang med briefingen viste skjermen frå Al JAzeera seg å gå i svart. Fotografen fann raskt ut kva som hadde skjedd. Fjernsynskabelen var rett og slett klipt over.

Dette fekk eg greie på fordi eg som oftast drikk kaffe med Al JAzeeras folk, sjølv ville dei helst ikkje snakke om det og slett ikkje la seg intervjue om dette dei kallar ein filleting.

- Dette er småtteri mot det sivile blir utsette for i Irak, seier min reporter-kollega i Al JAzeera, Fawsi Bushra, på same måte som dei berre mumla til svar da eg kom for å spørje om den engelske nettsida, det var på tysdag, og nettsida var lansert dagen før. Få timar seinare var den hacka av nettet igjen av eit amerikansk nettangrep. Nå vil det ta fleire veker før vi som er ukyndige i arabisk kan lese Al JAzeera på nettet.

Men sjåartala seier sitt, med over 35 millionar verda over ser på kanalen. Berre sidan krigen mot Irak starta har dei hatt ti prosent auke av dei som tar inn stasjonen over satelitt.

Fekk juling

Krigens utvikling fører nå til nye kontroversar. På torsdag fekk Al JAzeera juling igjen, denne gongen for å ha vist bilder av drepte britiske soldatar. Al Jazeera blir skulda for å gå Iraks ærend. Den britiske luftsjefen Brian Burridge var krass da han krevde at Al Jazeera skulle slutte å sende slike opptak.

Det kraftige utfallet førte til at Al JAzeera-reporteren reiste seg opp og erklærte at dei vil halde fram si linje som før, nemleg å sende ut fakta og forhalde seg til faktiske hendingar.

Al Jazeera er fast bestemt på å vise den menneskelege kostnaden av krig, og krig er i sitt vesen ei stygg sak. Det var ikkje bilder vi fann opp eller konstruerte.

- Slik slik er virkeligheita på bakken. Sanninga er av og til grusam, og eg føler meg dårleg når eg blir bedt om å pynte på ting, sa Al Jazeera- reporteren.

Kamera

At kanalen er dei einaste som har kamera inne i byen Basra og har filma sivile ofre, og her tar dei ingen estetiske omsyn slik vi ville ha gjort i NRK, men går tett på med kameralinsene i sjukehussengene, forferdelege bilder.

For dette får dei kritikk. Frå Washington kritikk fordi dei set invasjonsstyrkane i dårleg lys. Det er ein underliggande trussel når utanriksminister Colin Powell offisielt går ut og seier at Al Jazeera overdriv Iraks små seirar over dei britisk-amerikanske styrkane.

- Vi får sjå, seier Powell. Kva Al Jazeera vil rapportere etter seieren når USA skal samarbeide med FN og andre om å gjere landet til ein bedre plass for folk? Alt nå er Al JAzeera kasta ut av Ny York børsen.

Frå amerikansk side vart Al Jazeera først møtt med jubel. Endeleg var det ein arabisk kanal som utfordra til og arabiske leiarar på direkten. Men når den nå kjem med uonska materiale om den amerikanskleia invasjonen av Irak blir den altsaa kritisert for å vere arabisk-vennleg.

Ein amerikansk kollega her ute på basen seier det i klartekst. Ho meiner Al Jazeera er ein gjeng eksil-palestinere med ein anti-israelsk profil såvel som anti-amerikansk. Men kanalen held fast på at prinsippet er å la ulike synspunkt få sleppe til

- Dette har ikkje minst sjokkert og vore uvant i den arabiske verda som er dominert av statskontrollerte TV-kanalar. Fundamentalisme og streng sensur var som kjent sterke element for å skape ekstermistar som bin Laden og regimer som Taliban.

Viss Al Jazeera hadde eksistert for femten år sidan, hadde aldri 11.september skjedd, meiner mange her. Dei siste sjåartale her i Qatar viser at CNN nå er danka ut som val nummer ein. Nå under Irak-krigen er det nest etter Al Jazeera BBC som er hovudvalet og som folk reknar som påliteleg.

Emiren her i Qatar held si vernande hand over Al Jazeera. Han er USAs beste venn i området og innstilt på å modernisere landet utan å kaste vrak på arabisk kultur. Emiren har sett store pengar inn i drifta av Al Jazeera.

Eit tankekors må det vere for han som også har lånt landet sitt til kommandosentral og flystripe for krigen mot Irak, at nettopp britisk-amerikansk skyts nå blir retta mot yndlingsbarnet Al Jazeera. Og etter som krigen nå blir styggare for kvar dag, blir det nok fleire uønska rapportar frå Al Jazeeras åtte utsendte i Irak.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no