skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
Amerikanske soldatar i posisjon ved Naasiriya. (Foto: Damir Sagolj/Reuters)
Amerikanske soldatar i posisjon ved Naasiriya. (Foto: Damir Sagolj/Reuters)

Angrepsstyrken stansa i Naasiriya

Irakiske styrka greidde i dag å stanse ei amerikansk framrykking mot Bagdad ved byen Nassiriya. Den amerikanske hæren stadfestar at minst 12 soldatar er sakna utanfor byen.

Publisert 23.03.2003 20:29. Oppdatert 23.03.2003 21:28.
Av Tor Helge Haugland

Ein annan amerikansk militær kolonne lenger vest, nådde fram til den heilage byen Najaf, berre 160 kilometer sør for hovudstaden.

Bilete frå irakisk fjernsyn som blir sagt å vere av ein død amerikansk soldat etter kampane ved Nassairiya. (Foto: Reuters/Irakisk TV)
Den amerikanske hæren stadfestar i kveld at minst 12 soldater er sakna utanfor Nassiriya.

Dei amerikanske og britiske hovudstyrkane har gått utanom millionbyen Basra og teke seg nordover langs to aksar vest for Eufrat, og ikkje brukt den austlege hovudvegen langs Tigris.

Hovudstyrken blei stansa ved Nassiriya, som er eit viktig knutepunkt med bru over Eufrat. Der tok avdelingar frå Saddams fedayeen (fridomskjemparane) i bruk geriljataktikk for å hindre einingar frå det amerikanske marineinfanteriet i å trengje vidare nordover.

Amerikanske marineinfanteristar greidde først å få kontroll over eit bruhovud på den austlege og tettast befolka sida av Eufrat, men blei seinare hindra i å nå lenger nordover i slettelandet aust for elva.

Geriljataktikk

- Dei har kjempa i heile dag, dei brukar geriljataktikk, sa ein amerikansk offiser utanfor Nassiriya.

Reuters-journalisten Sean Maguire, som følgjer marineinfanteristene, opplyste at amerikanarane hadde tap då dei prøvde å ta seg over Eufrat.

Ei kjelde sa at minst 10 amerikanarar var drepne. Ein amerikansk general stadfesta at over 12 soldatar var sakna.

Den irakiske hæren hevda at 25 amerikanske og britiske soldatar blei drepne i kampar i nærleiken av byen Nassiriya.

- Eit stort tal blei såra, andre blei tekne til fange, sa ein irakisk talsmann.

Angrepsstyrken har ei overlegen militær slagkraft, men geriljataktikken til irakarane har klart å forseinke framrykkinga.

Vestleg flanke

Kart over midtområda av Irak.
I mellomtida har andre tunge avdelingar tydeleg teke ei meir vestleg rute nordover og nådd fram til byen Najaf, rundt 160 kilometer sør for Bagdad.

Ein britisk militær talsmann seier at hovudoffensiven mot Bagdad skal starte i morgon kveld eller tysdag.

- Det kan bli ein tøff kamp, sa ein britisk offiser.

Avdelingane på den vestlege flanken skal også ha møtt kraftig motstand, og vore innblanda i harde kampar sørvest for Najaf, etter å ha teke seg fram gjennom ubefolka område nærare den saudiarabiske grensa.

Reuters-journalisten Luke Baker, som også følgjer den amerikanske styrken, melder om store mengder utbrende sivile køyretøy og mange drepne irakiske soldatar i slettelandskapet sør for Tajaf.

Ulik kamp

Dei irakiske einingane i området har brukt maskingeværer montert på japanske pickup-bilar, som har lite å stille opp mot det tunge materiellet i USAs 3. infanteridivisjon som leiar angrepet i vest.

Minst 70 irakarar skal vere drepne i kampar sør for Najaf, meiner amerikanske militære kjelder.

- Det var ingen lik kamp. Eg forstår ikkje kvifor dei ikkje berre overgjev seg, sa oberst Mark Hildebrand.

Heilt i sør, der amerikanske og britiske styrkar har strøymt over grensa frå Kuwait dei siste dagane, blir det framleis meldt om lommar med motstand, mellom anna i hamnebyen Umm Qasr.

Men ikkje av eit slikt omfang at det hindrar framrykkinga til hovudstyrken nordover mot Bagdad.

Heilag grunn

Dei amerikanske styrkane kom til muslimsk heilag grunn då dei nådde Najaf.

Den gylne moskeen i byen er bygd til minne om fetteren og svigersonen til profeten Muhammed, imam Ali bin Abi Talib.

Moskeen er ein valfartsstad ikkje berre for sjiamuslimane i Sør-Irak, men også for trusfeller av dei i Iran og meir fjerne delar av den muslimske verda, skriv NTB.

Motstanden dei møter kan truleg bli endå hardare nokre mil lenger nord, i den heilage byen Kerbala, midtvegs mellom Najaf og Bagdad.

Dei to gylne moskeane i Kerbala, som rommar levningane av den martyrdrepne sonesonen til Muhammed, Hussein, og følgjesveinen Abbas, trekkjer normalt til seg tusentals av pilegrimar kvar dag.

Ur og Babylon

Det er elles heller sparsamt med opplysningar om framrykkinga til bakkestyrkane, men invasjonshæren har tydeleg valt ein akse parallelt med Eufrat.

På veg mot Bagdad vil amerikanarane og britane då passere byane Ur og Babylon. Men både i Ur - der Abraham låg ute med flokken sin for 3.800 år sidan - og Babylon, er det lite igjen av tidlegare prakt.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no