100.000 for Gaza-retrett
Over 100.000 menneske deltok i den store demonstrasjonen i Tel Aviv i kveld. (Foto: AP/Scanpix)Over 100.000 menneske demonstrerte i Tel Aviv i kveld for israelsk tilbaketrekking frå Gazastripa.
Publisert 15.05.2004 22:27. Oppdatert 16.05.2004 01:03.
- Skriv ut
Den israelske fredsrørsla arrangerer demonstrasjonen i Tel Aviv. (Foto: Reuters/Scanpix)13 israelske soldatar er drepne på Gazastripa denne veka, og dette har gjort at kravet om å trekkje soldatane og busetjarane ut av Gazastripa har auka i styrke i Israel.
Det var den israelske fredsrørsla som arrangerte demonstrasjonen i kveld, og arrangøren har uttrykt håp om at demonstrasjonen kunne bli den største på fleire år i Israel.
7500 israelarar bur på den tett befolka Gazastripa blant 1,3 millionar palestinarar.
Statsminister Ariel Sharon har foreslått ei israelsk tilbaketrekking frå Gazastripa, men har ikkje fått støtte i sitt eige parti, Likud.
Ein av talarane på Rabin-plassen i Tel Aviv i kveld var leiaren for det største opposisjonspartiet, Arbeidarpartiet, Shimon Peres. Han oppmoda Ariel Sharon til å gå vidare med planen om ei israelsk tilbaketrekking frå Gazastripa.
Det er uklart kor mange menneske som har vore med på demonstrasjonen i kveld, men nokre kjelder seier at så mange som 200.000 deltok. Arrangøren tippar at det er snakk om rundt 150.000.
Midtøsten
- Abbas bekrefter at valg blir utsatt
- - For tidlig med Palestina
- Truer med ensidig uavhengighet
- – Hamas har stanset rakettangrepene
- Palestinerne utsetter valget
- - Abbas stiller ikke til gjenvalg
- Hizbollah avviser våpenforbindelse
- Hamas nektar å godta januar-val
- Hevder Israel hindrer vanntilførsel
- Israel vil ikke granske Gazakrigen
- Nye sammenstøt på Tempelhøyden
Neste sending: Urix
Urix
NRK2, torsdag 26.11. kl. 21.25 | Legg i kalender[?]Utanriksmagasin frå nyheitsredaksjonen. Programleiar: Gunnar Myklebust.
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/urix.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: urix@nrk.no
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Neste sending: Verden på lørdag
Nettradio
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

