Hopp til innhold

Blodig nakenprotest i Madrid

Motstandarane av pels går stadig meir bisarre vegar for å få blest om saka si, slik som i kalde og regntunge Madrid søndag føremiddag.

Video nsps_upload_2009_11_29_17_0_23_168.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå videoen frå demonstrasjonen her.

Rundt 50 dedikerte motstandarar av pelsdyrnæringa samla seg i den spanske hovudstaden for å protestere mot det dei meiner er rein dyremishandling og uverdige leveforhold for dyra.

Seks grader pluss, regn og ein kjøleg vind stansa ikkje aktivistane frå å protestere utan ein tråd på kroppen.

LES OGSÅ: Mattilsynet innfører hastevedtak mot pelsdyrnæringen

LES OGSÅ: - Håper de angrer bittert

LES OGSÅ: - Grevlingar bit av føtene

Blodig protest mot pels i Madrid

Naken og blodig protest mot pels i Madrid søndag.

Foto: Sergio Perez / Scanpix/Reuters

Dei 50 la seg utover fortauet i ulike stillingar, og nokre tok plass i same typen bur som blir brukte av pelsdyrnæringa. Og så vart dei dynka med ei blodliknande væske, og det såg rett så makabert ut.

Ei talskvinne for organisasjonen Anima Naturalis, Andrea Padilla, seier at dei med denne ganske så spesielle protestaksjonen vil fortelje det spanske samfunnet at dyr lir vondt i pelsdyrnæringa.

- Vi vil fortelje dei at dei skal slutte å kjøpe klede og andre varer som er laga av dyreskinn, seier ho med overtyding i røysta.

Etter 20 minutt var aksjonen over, og det var godt for aksjonistane å få på seg klede igjen.

Blodig var det både inne i bura og utanfor.

Blodig var det både inne i bura og utanfor.

Foto: Javier Soriano / Scanpix/AFP

SISTE NYTT

Siste nytt