Hopp til innhold

Michelitti vil møte Zelaya

Den sitjande presidenten i Honduras seier han er villig til å møte den avsette presidenten Manuel Zelaya, som oppheld seg i den brasilianske ambassaden i landet.

Manuel Zelaya slappar av i den brasililanske ambassaden.

Manuel Zelaya inne i den brasilianske ambassaden i hovudstaden Tegucigalpa.

Foto: ORLANDO SIERRA / AFP

Men Roberto Michelitti har eitt vilkår for å møte Zelaya. Han krev at den avsette presidenten må godta at det blir halde nytt presidentval i Honduras i november.

Zelaya fnyser av tilbodet frå Micheletti.

- Om det skal haldast val, må det vere like forhold for alle, ikkje forfølging av nokre og favorisering av andre, seier den avsette presidenten.

I går kveld norsk tid omringa honduranske tryggingsstyrkar den brasilianske ambassaden, og det var svært spent i hovudstaden Tegucigalpa.

Det vart innført portforbod i hovudstaden, og dette blir ikkje oppheva før tidlegast når det blir lyst.


LES OGSÅ: - Ingen planar om å invadere

LES OGSÅ: Spent i Honduras etter Zelayas hjemkomst

LES OGSÅ: Zelaya tilbake i Honduras

LES OGSÅ: Stanser all bistand til Honduras

Kutta lys og vatn

Ein politimann avfyrer tåregass mot demonstrantar i Honduras.

Det vart brukte tåregass mot demonstrantar utanfor ambassaden i går kveld.

Foto: Jose CABEZAS / AFP

Det var i går kveld frykt for at tryggingsstyrkane skulle innta den brasilianske ambassaden, men Micheletti har gjort det klart at dette ikkje er aktuelt.

LIkevel er straumen og vassforsyninga til bygningen stansa, og det same gjeld telefonsambandet.

Zelaya oppheld seg i ambassaden saman med ei gruppe tilhengjarar. Micheletti har bede Brasil anten gi Zelaya politisk asyl, eller å overlate han til honduranske styresmakter.

Brasilianske styresmakter har gjort det klart at landet vil be om at saka blir teken opp i Tryggingsrådet i FN, om det ikkje blir ei løysing på striden.

Grunnlova

Micheletti seier i eit intervju med BBC at den einaste måten å løyse krisa på, er at Zelaya godtek at det blir halde presidentval 29. november og at ein ny president blir innsett 27. januar, slik grunnlova krev.

Den aktuelle politiske krisa i Honduras vart utløyst for tre månader sidan, då Zelaya vart kasta i det som må kallast eit statskupp. Bakgrunnen var at Zelaya ville innføre grunnlovsendringar som kunne gjere han i stand til å kunne forlengje presidentperioden sin.

Grunnlova seier at ein president berre kan sitje i to periodar.

Folkerøysting

Zelaya har tilløyst ei folkerøysting, som skulle avgjere om grunnlova skulle endrast på dette punktet.

Dette vart tolka som eit brot på grunnlova av andre politikarar, og 28. juni måtte Manuel Zelaya forlate landet, etter at nasjonalforsamlinga avsette han.

Zelaya tilhøyrer venstresida i honduransk politikk, og mange av støttespelarane hans har skulda USA for å stå bak kuppet der han måtte reise frå landet.

Dette har blitt kontant avvist av USA, som også har kome med sterk kritikk av statskuppet.

Det er eit tungt oppbod av politi og soldatar utanfor ambassaden.

Det er eit tungt oppbod av politi og soldatar utanfor ambassaden.

Foto: Jose CABEZAS / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt