Hopp til innhold

- Sionismen ein kreftsvulst

Den øvste leiaren i Iran, ayatolla Ali Khamenei, markerte starten på den islamske festen Eid al-Fitr med nye harde angrep på Israel og den vestlege verda.

Den øvste leiaren i Iran, ayatolla Ali Khamenei

Den øvste leiaren i Iran, ayatolla Ali Khamenei.

Foto: - / AFP

Eid al-Fitr markerer slutten på fastemånaden Ramadan og innleier ein tre dagar lang fest for alle muslimar.

Den iranske leiaren heldt fram med utfalla mot Israel og jødane frå markeringa av Jerusalem-dagen fredag.

LES OGSÅ: Demonstranter arrestert i Iran

LES OGSÅ: Iran legger fram egne atomforslag

LES OGSÅ: Massiv støtte i nasjonalforsamlingen

- Holocaust ein myte

Irans president Mahmmoud Ahmadinejad

- Holocaust er ein myte, sa president Mahmoud Khamenei fredag.

Foto: Vahid Salemi / AP

Då sa både Khamenei og president Mahmoud Ahmadinejad at Holocaust, der minst seks millionar jødar vart drepne under andre verdskrigen, var ein myte, som vart brukt for å rettferdiggjere etableringa av staten Israel.

I dag heldt Khamenei fram med utfalla sine.

- Den sionistiske kreftsvulsten er i ferd med å gnage seg inn i liva til dei islamske nasjonane. Den dødelege kreften blir spredd gjennom hendene til okkupanten og arrogante statar, sa han blant anna.

Opposisjonen demonstrete

Jerusalem-dagen vart innstifta av ayatolla Khomeini etter revolusjonen i Iran i 1979, som ei støtte til palestinarane sitt krav på Jerusalem.

I tillegg til demonstrasjonar der deltakarane protesterte mot Israel og USA, var også den iranske opposisjonen aktiv.

Det vart brukt tåregass mot demonstratane i Teheran fredag.

Det vart brukt tåregass mot demonstrantane i Teheran fredag.

Foto: STR / AP

Det var massive protestar mot president Ahmadinejad, og demonstrantane gjentok skuldingane om at Ahmadinejad vart attvald i juni ved hjelp av valfusk.

Minst 35 av demonstrantane vart arresterte, skulda for å ha øydelagt offentleg eigedom, opplyser politiet i Teheran.

I talen sin tidleg søndag sa Khamenei at Israel, vestlege land og utanlandske journalistar hadde prøvd å øydeleggje demonstrasjonane til støtte for palestinararane under Jerusalem-dagen, men at dei ikkje hadde lukkast.

Vond plan

- Fiendane våre prøvde å øydeleggje dagen, men demonstrasjonen viste at fienden sin vonde plan ikkje lukkast, sa Khamenei.

Dette fall i god jord hos tilhøyrarane på unviversitetet i Teheran, og dei ropte tilbake:

- Leiar, vi ofrar blodet vårt for deg.

Khamenei brukte mykje tid på å refse dei internasjonale nyheitsnettverka som opererer i Iran. Dei forgiftar atmosfæren i landet, sa han blant anna, og gjekk langt i å hevde at dei handla på oppdrag frå vestlege regjeringar.

Også president Mahmoud Ahmadinejad og fleire andre av toppane i Irans politiske og religiøse liv var til stades under markeringa ved universitetet i dag tidleg.

Nei til atomvåpen

I talen, som vart overført direkte på iransk fjernsyn, avviste Khamenei at Iran har eit hemmeleg program for å utvikle atomvåpen. Han sa at Iran tek fullstendig avstand frå atomvåpen, og at landet går inn for eit forbod mot både produksjon og bruk av slike våpen.

- USA og Israel veit sjølve at vi ikkje har eit program for atomvåpen, men det er ein anti-iransk tankegang som styrer desse arrogante regjeringane sine handlingar, sa Khamenei i talen.

I går sa USAs utanriksminister Hillary Clinton at Iran må leggje fram for bevis for at landet sitt atomprogram berre er sivilt, når det etter planen skal vere samtalar mellom Iran og vestlege land om atomprogrammet 1. oktober.

Video nsps_upload_2009_9_18_9_31_5_1940.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video frå demonstrasjonane i Teheran fredag.

SISTE NYTT

Siste nytt