Hopp til innhold

- Kapra skip hadde hemmeleg last

Mysteriet rundt lasteskipet "Arctic Sea" er like uløyst, og det blir spekulert om det kapra skipet hadde ein hemmeleg last om bord.

Arctic Sea

Ein maritim ekspert meiner 'Arctic Sea' kan ha ein hemmeleg last om bord.

Foto: Pekka Laakso / AP

Mikhail Voitenko, redaktør av eit russisk maritimt tidsskrift, tvilar på at det berre var tømmer i lasten på skipet.

- Det mest logiske er at det var ein hemmeleg last om bord. Mest sannsynleg er det snakk om våpen eller narkotika, seier han til den britiske avisa Daily Telegraph.

Tømmer til Afrika

Den Malta-registrerte 4000-tonnaren "Arctic Sea" var på veg frå Finland til Algerie med tømmer då fartyet vart borda i svensk farvatn mellom Øland og Gotland i Austersjøen 24. juli.

Sjøfartsstyresmaktene på Malta opplyser at dei fekk melding om at skipet var borda av åtte til 12 væpna og maskerte personar i politiuniformar. Fleire frå det russiske mannskapet om bord vart banka opp, bundne og fekk bind for augene, heiter det.

Svenske styresmakter har overfor tenestemenn i Malta forsikra om at ingen frå det svenske politiet var involverte i bordinga av skipet.

Svensk politi

Maria Lonegard er sjef for det svenske kriminalpolitiet.

Maria Lonegard er sjef for det svenske kriminalpolitiet.

Foto: GBRTV/EBU

Sjefen for det svenske kriminalpolitiet, Maria Lonegard, seier at svensk politi snakka med mannskapet på telefon fleire dagar etter bordinga, og at dei fekk beskjed om at alt var normalt om bord. Mannskapet gav uttrykk for at dei som borda skipet hadde forlate fartyet etter kort tid.

Det vart så gjort avtale at politiet skulle snakke nærmare med mannskapet når "Arctic Sea" etter planen skal kome tilbake til Finland i slutten av august, seier den svenske politfisjefen.

Kaliningrad

Det gjekk fire dagar frå skipet vart borda i Austersjøen til fartyet vart observert i Den engelske kanal. Kva som har skjedd i mellomtida er uklart.

Ein teori er at det gjekk til den russiske enklaven Kaliningrad på grensa mellom Litauen og Polen, og at skipet her fekk ein våpenlast om bord.

"Arctig Sea" blir operert av eit finsk rederi, Solchart, og i dag seier direktøren for selskapet, Viktor Matvejev, at han er sikker på at skipet har blitt kapra.

Det er ikkje mogleg å oppdage skipet på radarane som følgjer skipstrafikken, men det er ingenting som tyder på at fartyet har gått ned.

Russiske marinefarty

Russiske styresmakter ser svært alvorleg på at eit skip med russisk mannskap er kapra, og i går gav president Dimitrij Medvedev ordre om at den russiske marinen skal setjast inn i jakta.

Det blir nytta radar og satellittar for å spore opp skipet, og det er også sett inn to atomubåtar. Marinefartya har ordre om å finne "Arctic Sea", og å setje fri mannskapet.

I ettermiddag melde eit russisk maritimt tidsskrift at ein russisk fregatt følgjer etter at eit skip som liknar "Arctic Sea" i farvatnet sør for Gibraltar, men dette blir avvist av den russiske marinen.

Siste stadfesta observasjon av skipet var i Den engelske kanal i slutten av juli, men det har kome ikkje stadfesta oppplysningar om at fartyet er observert utanfor kysten av Portugal. Fleire kjelder meiner "Arctic Sea" er på veg til vestkysten av Afrika.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Skip kan ha blitt kapret i Sverige

SISTE NYTT

Siste nytt