Hopp til innhold

- Nordmenn overtek SAAB

Norske investorer kjøper bilprodusenten SAAB saman med den svenske sportsbilprodusenten Koenigsegg.

Saab - logo
Foto: Hans H. Bjørstad

Det er Rapport i Sveriges Televisjon (SVT) , det svenske motstykket til NRK, som melder dette. Det blir opplyst at kjøparane har underteikna ein intensjonsavtale om å overta SAAB

Meldinga er førebels ikkje offisielt stadfesta av SAAB, men selskapet har tidlegare sagt at dei truleg ville offentleggjere kven som skal overta i løpet av denne veka.

Sluttforhandlingar

Sluttforhandlingane om detaljane i kjøpet vil gå føre seg dei nærmaste månadene.

Det var tidlegare i dag klart at den svenske staten er villig til å gi garantiar for at den tradisjonsrike bilprodusenten skal halde fram.

Bård Eker

Bård Eker er medeigar i Koenigsegg.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Koenigsegg er ein liten produsent av eksklusive sportsbilar som held til i Ängelholm.

Norsk eigar

Det er førebels uklart kven dei norske investorane er, men Bård Eker, eigaren av Eker Design i Fredrikstand, er pr i dag eigar av Koenigsegg saman med svensken Christian von Koenigsegg.

Eker sa i eit intervju tidlegare denne månaden at han har ein draum om å overta SAAB.

Redaktør Jon Winding-Sørensen i Bilforlaget AS skjønner ikke at noen vil overta Saab, et selskap som produserer mindre enn 100.000 biler i året, og som går med dundrende underskudd.

LES OGSÅ: Saab kan bli norsk

LES OGSÅ: Koenigsegg overtar Saab

Koenigsegg CCR

Koenigsegg er ein eksklusiv sportsbil i millionklassen.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX