Hopp til innhold

Ingen terrormistenkte om bord

To av passasjerane om bord i Air France-flyet som styrta i Atlanterhavet sist veke, hadde same namn som to terrormistenkte.

Stor del av Air France-fly funnet
Foto: HO / AFP


Det viser deg at det er snakk om forskjellige personar, ifølgje ei fransk politikjelde.

Mistenkte islamistar

Den franske avisa L’Express meldte onsdag at to namn på passasjerlista var identiske med navna på to mistenkte militante islamistar, og at politiet undersøkjer saka.

Les: Kobler terrornavn til flyulykken

Onsdag ettermiddag opplyste ei politikjelde med høg rang at dette berre var snakk om namnelikskap, og at dette etterforskingssporet er lagd til side.

41 omkomne funne

I alt er 41 omkomne funne så langt. Flyet hadde 228 personar om bord då det 31. mai styrta i eit område 130 mil frå kysten av Brasil. Fire nordmenn var blant passasjerane.

Les: Omkomne frakta til land

SISTE NYTT

Siste nytt