Hopp til innhold

Gigantisk mafia-aksjon i Italia

Italiensk politi har gjennomført ein storstilt antimafia-aksjon i dag, og 68 personar er arresterte.

Gigant-aksjon mot mafiaen i Italia

Politiet gjekk til storaksjon mot mafiamedlemer i Napoli-området i dag.

Foto: ROBERTO SALOMONE / AFP

Politiet held tilbake slektningar og vener under ein arrestasjon i Napoli.

Politiet held tilbake slektningar og vener til mistenkte under ein arrestasjon i Napoli.

Foto: ROBERTO SALOMONE / AFP

Politiet aksjonerte over store delar av det sørlege Italia mot La Camorra-mafiaen, som har hovudsetet sitt i Napoli-området.

Samordna aksjon

Det var ein samordna aksjon av Carabinieri, det ordinære politiet og Guardia di Finanza som førde til arrestasjonane.

Aksjonen i dag var særleg retta mot Scissionisti-klanen, som har hovudbasen sin i Secondigliano like utanfor Napoli.

Dette skjer berre to dagar etter at ein av toppane i denne klanen, Rafaelle Amato, vart arrestert i Spania, etter å ha vore på flukt frå politiet i tre år.

Kona hans er blant dei som vart pågripne i Italia i dag.

Italiensk politi har dei siste åra gått til fleire storaksjonar mot dei ulike mafiagruppene i landet. Mange av toppane er sette i fengsel, men det verkar ikkje å påverke verksemda til forbrytarsyndikata i særleg grad.

Mektige grupper

Ved sidan av La Camorra i Napoli-distriktet, er det mektige mafiagrupperingar også andre stader i Italia. Den mektigaste i dag er truleg N'drangheta, som har tilhald i Calabria heilt sør på det italienske fastlandet.

Den tredje store er Cosa Nostra på Sicilia, som historisk har vore den mektigaste i Italia og med sterke band til utlandet, ikkje minst austkysten av USA.

I dag er truleg både La Camorra og N'drangheta sterkare internasjonalt enn Cosa Nostra.

Storaksjon mot Camorra-mafiaen

Kona til Rafaelle Amato var blant dei arresterte i dag.

Foto: ROBERTO SALOMONE / AFP