Hopp til innhold

Rom-menn observerte på Fyn

To politimenn såg ein mystisk flygande gjenstand då dei var ute på nattpatrulje, og ein 15-åring møtte fem rom-menn ute på eit jorde.

Slik blir ein rom-mann framstild på UFO-museet i Roswell i USA.

Slik blir ein rom-mann framstild på UFO-museet i Roswell i USA.

Foto: Justin Norton / AP

Dette er to av hendingane som som er omtala i det danske flyvåpenet sitt tidlegare hemmelege UFO-arkiv.

I dag vart arkivet om danskar sine møte med Uidentifiserte Flygande Objekt, forkorta UFO, lagt ut på Internett.

Observasjonane frå perioden 1978-2002.

Ikkje hemmeleg

- Vi har valt å offentleggjere arkivet, fordi det ikkje er noko hemmeleg i det. Vår oppgåve er å sikre dansk tryggleik i fredstid. Så vi har ingen interesse i å undersøkje UFO-ar, seier kaptein Thomas Pedersen til DR.


Alle kan klikke seg inn og lese om UFO-observasjonane her:

Det danske flyvåpenets UFO-arkiv

Ein av observasjonane i arkivet stammar frå ein 15 år gammal gut, som ein tidleg sommarmorgon i 1982 kom syklande på veg til sommarjobben sin på eit gartneri på Fyn.

Med eitt fekk han auge på eit sterkt lysande objekt 50 meter unna, inne på eit jorde. Han vart nysgjerrig, og gjekk bort til den lysande gjenstanden. Han skildrar det som to djupe tallerkenar lagt oppå kvarandre, cirka to meter i høgda og to meter i diameter. Det var ingen synlege detaljar på overflata, bortsett frå noko som likna på ein "lem" på den eine sida.

10-15 meter frå gjenstanden såg 15-åringen sjå fem skikkelsar. Dei såg menneskelege ut, fortalde han, men var ikkje meir enn 60 centimeter høge. Dei hadde stort hovud og brystkasser, og små hofter og bein.

Det var ingen andre vitne.

Politifolk såg UFO

I arkivet ligg også historia om to politifolk frå beredskapsavdelinga i København, som var ute på nattpatrulje i Ordrup. Dei fekk auge på noko stort og underleg, som røyvde seg over hovuda deira.

Eksempel på det danske flyvåpenet til spørjeskjema for UFO-observasjonar.

Dette er ein av observasjonane som no ligg ute.

Den eine trudde det var eit fly, den andre at det var ei radiomast. Då dei kika rett opp på undersida av objektet såg dei blå, kvite og gule lys, framgår det av luftvåpenet sitt spørreskjema, som dei to politimennene fylde ut umiddelbart etter hendinga.

Den mystiske gjenstanden gjekk sakte austover i ei høgd på 75-150 meter, fortalde dei,

Berre 20 timar seinare såg ein person ved Fåborg på Sydfyn også ein UFO. Gjenstanden kom flygande vestover, og hadde fire kraftige lys pluss lys i sirkelform og to baklys. Gjenstanden var lydlaus, og var synleg i rundt fem minutt.

Tidlegare har land som USA, Storbritannia og Frankrike frigitt sine hemmelege UFO-arkiv.

Dette er ein kinesisk prototype på ein UFO.

Denne flygande tallerkenen er ikkje frå verdsrommet, men derimot frå Kina. (Illustrasjonsbilete)

Foto: STR / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt