Hopp til innhold

Belgia i sjokk etter barnedrap

To småborn og ein vaksen vart brutalt drepne i ein barnehage i Belgia i dag. 12 andre vart såra av kniv-desperadoen.

Fortvilte foreldrer utanfor barnehagen i Dendermonde

Fortvilte foreldre utanfor barnehagen i Dendermonde.

Foto: YVES HERMAN / REUTERS

Dei brutale drapa har sendt sjokkbølgjer gjennom det belgiske samfunnet.

Gjerningsmannen, ein 20 år gammal mann med ansiktsmåling lik Jokeren i filmane om Lynvingen, vart arrestert kort tid etter ugjerninga.

Det var ved 10-tida i fredag føremiddadg marerrittet starta for born og vaksne i barnehagen "Eventyrlandet" i den vesle byen Dendermonde, nordvest for hovudstaden Brussel.

Video nsps_upload_2009_1_23_13_10_48_45.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Gjekk amok

20-åringen ringde på døra til barnehagen. Då døra vart opna bana han seg veg inn, og han gjekk først laus på dei minste borna, som sov i sengene sine. Det vart først meldt at han var ein tidlegare psykiatrisk pasient, men ein talsmann for påtalemakta avviser dette i kveld.

Ei mor på veg bort frå barnehagen med den vesle guten sin.

Ei mor på veg bort frå barnehagen med den vesle guten sin i armane.

Foto: YVES HERMAN / REUTERS

- Han gjekk rett mot dei minste og angreip dei. Fyren gjekk fullstendig amok, seier Theo Janssens, viseborgarmeister i Dendermonde.

Eit lite barn og ein vaksen døydde momentant, medan eit barn døydde seinare av skadane. 10 av dei 18 borna på avdelinga vart såra, to av dei alvorleg. Også to vaksne vart såra av knivmannen.

Seks kvinneleg tilsette i barnehagen stilde seg mellom drapsmannen og borna. Ei av dei vart drepen, medan to andre fekk kuttskadar.

Flykta på sykkel

Etterpå flykta drapsmannen frå barnehagen på sykkel. Han vart arrestert av politiet etter ein og ein halv time, fem kilometer frå staden der han gjennomførte dei grufulle handlingane.

- Han var heilt roleg, hadde absolutt ikkje panikk, seier ein nabo som såg drapsmannen kome ut frå barnehagen.

Ein av dei tilsette seier at ingen på barnehagen kjende mannen frå før.

Det braut ut panikk på ein skule like ved barnehagen medan drapsmannen var på frifot. Skremde foreldre kom til barnehagen og skulen etter kvart som nyheita vart kjend, og i ein periode var det fullt kaos.

Det strøymde på med ambulansar og politibilar, og det var hjerteskjerande scener med livredde born og oppskremde slektningar.

Etter lang tid med uvisse vart klart at gjerningsmannen var arrestert. Krisetamet i området kom i gang med arbeidet, og situasjonen roa seg noko ned.

Sjokk og sorg

- Offera for hendinga blir tekne hand om. Dei som ikkje er fysisk skadde får hjelp av psykologar og andre fagpersonar. Mange er i sjokk, seier ordføraren i Dendermonde, Piet Buys.

- Landet er i sjokk og i sorg over denne forferdelege valdsshandlinga i eit samfunn som lengtar etter harmoni og eit fredeleg liv, seier den belgiske statsministeren, Herman van Rompuy,i sin kommentar.

Belgia har også tidlegare opplevd grufulle angrep mot born. Sjokket har ikkje lagt seg etter ei sak der ei mor tok livet av dei fem borna sine ved å skjere over strupene deira.

Landet har også hatt fleire svært alvorlege pedofili-saker dei siste åra.

Sterke reaksjonar blant slektningar utanfor barnehagen.

Det var hjarteskjerande scener utanfor barnehagen.

Foto: YVES HERMAN / REUTERS
Ein familie legg ned blomar utanfor barnehagen.

Ein familie legg ned blomar utanfor barnehagen.

Foto: DOMINIQUE FAGET / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt