Hopp til innhold

Skor seg på Bush

På Internett kan du kaste sko på George W. Bush, og komikarar ler av skokastinga i Bagdad. Men for skokastaren var det blodig alvor og brekte ribbein. I dag møtte han i retten.

Illsint reporter kastet sko på president Bush
Foto: Evan Vucci / AP

No kan også du kaste sko på George W. Bush. På Internett florerer det av spel og filmar der skokastinga er tema.

Les: Illsint reporter kastet sko på Bush

- Au, seier George W. Bush-figuren du treff i nettspelet Flying Babush , eitt av mange spel som tek føre seg episoden der ein reporter kasta skorne sine mot Bush under ein pressekonferanse i Bagdad sundag.

Eit anna spel heiter Sock and Awe ("sokk og ærefrykt"), oppkalt etter militærtaktikken "sjokk og ærefrykt" som USA brukte då dei invaderte Irak.

Det er allereie laga eit vell av slike spel etter episoden. Hendinga er blitt eit eige fenomen som blir tolka i mange retningar av meir eller mindre kreative nettbrukarar.

Video: Illsint reporter kastet sko på Bush

Video nsps_upload_2008_12_14_20_34_11_239.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Gjer narr av skokastinga

Videoen av hendinga finst i mange ulike versjonar, også i slow motion. Ein video er endra slik at Bush blir truffen av ein kanonball, blautkaker, hovudet til Saddam Hussein og fleire andre gjenstandar.

Men også profesjonelle komikarar greip raskt skoen fatt.

- Skal ikkje livvaktane kaste seg framfor presidenten og ta imot skoen? spurde talkshow-verten Jay Leno.

- Bush var rask i reaksjonen då han dukka. Synd han ikkje var like rask i avtrekkaren med bin Laden, orkanen Katrina eller finanskrisa, sa talkshow-verten David Letterman, som sjølv fekk ein sko i hovudet under eitt av showa sine, som eit humoristisk innslag.

- Kastet kom frå hjartet

For nokre er hendinga humor. Men for Muntazar al-Zaidi var skokastinga truleg blodig alvor, meiner NRK-reporter Sigurd Falkenberg Mikkelsen. I haust gav han ut boka Siste Stopp Bagdad, om følgjene av den amerikanske invasjonen av landet.

Sigurd Falkenberg Mikkelsen

Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

Foto: NRK

- Noko av det mest fascinerande var krafta i det kastet. Det var eit kast som kom til dei grader frå hjartet, seier Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

- Eg trur han var meget forbanna og sikkert djupt fortvila, legg han til.

- Irakarane er utakknemlege

- Eg ville ha slått han ned viss eg var der, seier Juan Williams i det konservative Fox News-programmet The O'Reilly Factor.

Han gir uttrykk for liknande tankar som president Bush gjer i i Bob Woodward-boka "Den indre krigen", nemleg at irakarane burde vore meir takknemlege for det USA har gjort for dei.

- Kor mange amerikanske liv har blitt ofra for å frigjere Irak? Kor mykje pengar har vi brukt samtidig som dei ikkje brukar oljeinntektene sine? Amerikanske pengar. Det er absolutt utakknemleg av dei å oppføre seg slik. Det er utruleg, seier Juan Williams i Fox News.

Mange irakarar ser det annleis. Ifølgje hjelpeorganisasjonen Oxfam har fire millionar irakarar ikkje råd til mat. Fire millionar har flykta frå heimen sin. 70 prosent har ikkje nok vatn. Også journalistar lever under sterkt press og har ein tøff kvardag.

Journalistar ekstremt utsette

- Det er jo ei spesiell hending, det står ikkje akkurat i journalisthandboka at det er sånn du skal oppføre deg. Men eg trur også ein må forstå at irakiske journalistar jobbar under eit heilt anna press enn nokon kan forestille seg. Kidnappingar, eksplosjonar, drap, henrettingar, dei er ekstremt utsette, og mange har familiar som også er utsette, seier Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

Skokastaren Muntazar Al-Zaidi vart nyleg kidnappa i Bagdad, men sidan sleppt fri. Han har òg vore arrestert av amerikanske soldatar. To av kollegane hans i TV-stasjonen Al-Bagdadiyah er drepne den siste tida.

I dag møtte Al-Zaidi ein irakisk dommar, men det er uklart kva som vart sagt. Familien fekk ikkje vere til stades under rettsmøtet. Muntazar al-Zaidi skal ha vore på sjukehus med brekt arm, brekte ribbebein og kutt i andletet, men det er uklart om skadene skjedde under pågripinga eller i fengseleg.

Folk fryktar rettssystemet

Reporteren overmannet etter å ha kastet sko på Bush

Al-Zaidi overmannet etter å ha kastet sko på Bush

Foto: KEVIN LAMARQUE / REUTERS

No risikerer Al-Zaidi mange års fengsel for å ha fornærma ein utanlandsk statsleiar, men det er svært usikkert kva slags avgjerd som vil komme. Førebels kjem det mange motstridande meldingar om kva straff reporteren risikerer.

- Det irakiske rettsapparatet har veldig mange manglar, for å uttrykke meg forsiktig. Folk føler seg veldig utsette, seier NRK-reporter Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

- Det interessante her er at dette ikkje er ein rettsprosess som kan forgå anonymt slik som dei aller fleste rettsprosessane i Irak gjer - der det ofte ikkje er ordentleg rettargang, der folk ikkje blir ordentleg handsama. Her kjem i alle fall auga til verda og Irak til å vere retta mot denne rettsprosessen, og det syns eg er veldig interessant, fortel Mikkelsen.

SISTE NYTT

Siste nytt