Hopp til innhold

Tok livet sitt av frykt for Big Bang

Ei 16 år gammal indisk jente tok i dag sitt eige liv av frykt for at jorda skulle gå under i samband med Big Bang-forsøket i Sveits.

Kontrollsenteret til CERN i Geneve i Sveits.
Foto: POOL / REUTERS

Chayya blei traumatisert av medieomtalen der det kom fram at eksperimentet kunne føre til jordas undergang, opplyser faren.

Den 16 år gamle jenta drakk insektgift og døydde på sjukehus før ho kom til medvit.

- Dei siste to dagane spurde Chayya meg og andre slektningar om jorda kom til å gå under den 10. september, seier faren til den lokale fjernsynsstasjonen i delstaten Madhya Pradesh.

- Vi prøvde å fortelje henne at ho ikkje skulle uroe seg over slikt, men dessverre til inga nytte, seier han.

Dei siste to dagane har ekperimentent i CERN fått stor medieomtale og spreidd frykt fleire stader i India.

Aust i landet har folk søkt til templa for bøn. Andre sørgde for å ete livretten av frykt for at det kunne vere deira siste måltid.

LES: Kan finne svaret

SISTE NYTT

Siste nytt