Hopp til innhold

Ingrid Betancourt er redda

Ingrid Betancourt og 14 andre gislar er redda frå fangenskapet til den colombianske FARC-geriljaen, ifølgje colombianske myndigheiter.

Ingrid Betancourt
Foto: HO / AFP

- Det er fantastisk og eit positivt trekk frå FARC. Eg vil jo tolka det at dei gir ifrå seg eit av sine beste kort som eit teikn på demoralisering, seier NRK sin utanriksmedarbeidar Sigrun Slapgard.

SJÅ VIDEO: Gjenforent etter seks års fangenskap

- Ein operasjon utan sidestykke

Gislane blei redda i ein jungeloperasjon i regionen Guaviare søraust i Colombia, ifølgje den colombianske forsvarsministaren Juan Manuel Santos.

Juan Manuel Santos

Juan Manuel Santos under pressekonferransen i kveld.

Foto: William Fernando Martinez / AP

Han seier militærtenestemenn klarte å fanga nokon av opprørane, som laga ein sikkerheitsring rundt gisla. Dei klarte å overtala dei andre geriljasoldatane til å frigi gislane utan at liv gjekk tapt.

- Det var ein operasjon utan sidestykke. Den vil gå inn i historia for dristigheit og effektivitet, seier Santos.

- Ved rimeleg god helse

Blant dei 14 gisla som er sett fri i tillegg til Betancourt, er også tre amerikanske militære entreprenørar, opplyste Santos på ein pressekonferanse i kveld.

Alle gislane skal vera ved rimeleg god helse, etter å ha vore fanga i den colombianske jungelen i hemmelege FARC-leirar i fleire år.

Det har gått fleire rykter om at 46 år gamle Betancourt har vore døden nær, men ifølgje DPA stadfestar colombianske tenestemenn at òg ho er ved rimeleg god helse.

- Den nydelegaste nyheita i mitt liv

Sonen til Betancourt seier nyhenda om at mora er sett fri er den nydelegaste beskjeden han har fått i heile sitt liv.

Den fransk-colombianske politikaren og tidligare presidentkandidaten blei bortført i 2002. Ho blei sist sett i live i ein video publisert av geriljaen i slutten av 2007, der ho såg mager og nedtrykt ut.

LES: Ingrid Betancourts avsløring

Betancourt er ein av dei mest kjende av FARC sine gislar. Forhandlingene med FARC om å lauslata mange av gisla i gruppa har ikkje ført fram. Fleire av gisla har vore holdt fanga i jungelen i mange år.

Dei tre amerikanarane, som jobbar for det amerikanske forsvarsdepartementet, blei fanga i 2003 etter at flyet deira styrta i jungelen under ein antinarkotikaoperasjon i Colombia.

Opprørsla svekka

FARC har ynskt å gjera ein bytehandel der 39 gislar vert gjevne fri mot at 500 opprørarar som sit i colombianske fengsel, vert sleppt laus.

LES ÒG: – FARC tilbyr avtale om Betancourt

Opprørsrørsla har vorte svekka etter at den øvste leiaren døydde i mars, og gruppa har også opplevd omfattande avhopp.

SISTE NYTT

Siste nytt