Hopp til innhold

Spionflause

Her enda dei topphemmelege dokumenta.

BBC hovudkvarter
Foto: MAX NASH / AFP

Det er alltid godt for ein pendlar å ha noko å lese på toget på veg til arbeid. Men om lesestoffet er topphemmeleg, bør ein passe på å ikkje legge det igjen.

Topphemmelege dokument lagt igjen på toget

Men det var nemleg det som skjedde med ein uheldig etterretningsmann i London. På toget mellom Waterloo og Surrey, gløymde han att fleire sensitive dokument om terrorgruppa al-Qaida.

Ein tilfeldig person som fann dokumenta, sende dei rett til BBC og tabben har no blitt ei pinleg sak for den Britiske regjeringa.

For dei topphemmelege dokumenta omtala blant anna styrkane og svakheitene til al-Qaida i Australia, samt siste etterretningsopplysningane frå Irak.

Flausa blir etterforska

Britisk politi etterforskar no korleis dokumenta har blitt fjerna frå sikkert område. For slike sensitive dokument skal vere låst ned, og berre i spesielle tilfeller bli tekne fram.

Men dette er ikkje første gong britisk etterretning slurvar med sensitiv informasjon. Ein CD med bankkontonummera til 25 millionar menneske, forsvann i posten i fjor.

SISTE NYTT

Siste nytt