Hopp til innhold

Danske drepen i ambassade-åtaket

Ein dansk-pakistansk mann er blant dei drepne etter åtaket mot den danske ambassaden i Pakistan.

Bombe ved dansk ambassade i Islamabad
Foto: MIAN KHURSHEED / REUTERS

I fylgje pakistansk tv er dei fleste som er drepne, politifolk som heldt vakt ved ambassaden.

- Attentatet mot ambassaden er eit åtak på Danmark, slår statsminister Anders Fogh Rasmussen fast.

NETT-TV: Åtte drept av ved dansk ambassade

LES: - Ambassaden har blitt truet

LES: Støre: Vinduene ble blåst inn

Den danske regjeringa trur Muhammed-karikaturane er motivet for sjølvmordsaksjonen i den pakistanske hovudstaden Islamabad.

Til no har ingen teke på seg ansvaret for åtaket der minst åtte personar vart drepne og 30 såra. To av dei drepne er tilsett ved ambassaden, medan dei andre skal vere tryggleiksfolk.

Full støtte frå Stoltenberg

Fogh Rasmussen seier at Danmark ikkje vil endre politikk på grunn av terroråtaket.

Anders Fogh Rasmussen
Foto: THORKILD AMDI / AP

– Danmark endrar ikkje politikk som fylgje av terror. Vi gjev ikkje opp mot terroristar. Vi held fast på den tryggleiks- og utanrikspolitikken som vi har ført, og som er demokratisk vedteken i Folketinget, seier statsministeren.

Den danske statsministeren har hatt ei samtale med Jens Stoltenberg. På vegne av Noreg gav Stoltenberg full støtte og fordømte attentatet i Islamabad. Han lova også støtte til Danmark, dersom dei skulle ynskje det.

Også utanriksminister Jonas Gahr Støre fordømmer terrorhandlinga, men vil ikkje spekulere i kva som ligg bak åtaket.

Norsk ambassade evakuert

Den norske ambassaden i Islamabad ligg berre eit par hundre meter frå den danske ambassaden, og vart evakuert rett etter sjølvmordsåtaket.

– Det er materielle skadar på den norske ambassadebygningen, som ligger noen hundre meter unna den danske, men ingen personskadar, seier ambassadør Aud Marit Wiig til NTB.

Utanriksdepartementet åtvarar no nordmenn mot å reise til Pakistan med mindre det er strengt nødvendig. Norske borgarar i landet blir oppfordra til å vere særleg aktsame, spesielt i Islamabad og andre større byar.

SISTE NYTT

Siste nytt