Hopp til innhold

Vil stoppe plastiske operasjonar

100.000 tyskarar under 20 år legg seg under kniven kvart år. Regjeringa strevar for å stoppe denne trenden.

Nudist
Foto: Scanstockphoto.com

Ifylgje samanslutninga til dei plastiske kirurgane i Tyskland, blir det gjennomførd om lag 100.000 plastiske operasjonar på unge under 20 år kvart år.

Hiv seg på nødbremsen

Onsdag gjennomførde Forbundsdagen i Berlin ei høyring om kva ein bør gjere med det stigande talet på plastiske operasjonar blant unge kvinner.

Karl Lauterbach i det tyske Sosialdemokrati, har bestemt seg for å trykkje på nødbremsen. Initiativet hans blir støtta av koalisjonspartnarane i den tyske regjeringa.

- Ynsket om ein ny barm er ikkje uvanleg blant unge jenter lenger, seier Lauterbach som er professor i medisin ved universitetet i Köln.

Vil ha større bryst

Kvart femte tyske barn mellom 9 og 14 år ynskjer seg ein plastisk operasjon. Lauterbach synes det er perverst at å gjere inngrep på kroppen for å passe inn i ideala til motebransjen.

- Dei som forstørrar barn sine bryst, eller sug dei for feitt, er totalt useriøse, meiner han.

Allereie i 2002 kom Europaparlamentet med oppmoding om at medlemslanda i EU berre godkjenner brystimplantat til kvinner under 18 år, viss det skjer ut i frå medisinske årsaker.

Åtvarar mot kvakksalvarar

Dei tyske plastiske kirurgane går i mot ei lov som gjer det ulovleg å utføre inngrep på mindreårige.

Den tyske regjeringa vil undersøke korleis ein kan stoppe misbruk i samband med plastiske operasjonar, og verne forbrukarane mot kvakksalvarar innan for den plastikkirurgiske bransjen.

SISTE NYTT

Siste nytt