EU-parlamentet skjuler svindel

Medlemmene i Europaparlamentet har røysta nei til å offentleggjere misbruk av pengar i eigne rekkjer.
Publisert 22.04.2008 17:47.
- Skriv ut
Eit stort fleirtal av medlemmene i Europaparlamentet har gått inn for å hindre offentleggjering av ein revisjonsrapport som syner at fleire av dei folkevalde har forsynt seg av lønningane til eigne tilsette.
Ifølgje politiken.dk syner rapporten av fleire folkevalde har vore kreative med bruken av pengar. Løner til eigne tilsette skal ha havna i alt frå barnehagar til trelastforretningar.
Det var gruppa Dei Grøne som kom med framlegg om å offentleggjere rapporten, men 422 av dei 785 medlemmene i EU-parlamentet røysta nei. Berre 209 røysta for offentleggjering.
- Vi er rysta over at det lukkast høgrefløyen å halde fast på denne kulturen med å halde ting hemmelege. Kritikken kjem til å ramme oss alle, seier Margrete Auken frå gruppa Dei Grøne.
Slutt på familiebedrifter
I Europaparlamentet vart det fleirtal for at dei folkevalde ikkje lenger skal få tilsetje familiemedlemmer.
Den danske sosialdemokraten Dan Jørgensen har foreslått at parlamentarikarane i framtida skal setjast under administrasjon, slik at dei ikkje kan styre lønsutbetalingane til eigne assistentar.
- Vi har hatt eit system som bygde på tillit, det vart misbrukt, så no må vi få eit system som bygger på kontroll, seier Jørgensen.
(Politiken)EU
- Støre: – EU fikk det de ønsket seg
- Baronesse med diplomatiske evner
- Diskret EU-president med lite ego
- Utbredt skepsis til EUs nye sjefer
- Disse blir EUs nye toppsjefer
- Frankrike og Tyskland enige
- - For tidlig med Palestina
- EU-president utpekes på toppmøte
- Lisboa-traktaten ferdig ratifisert
- Domstol godkjenner EU-traktaten
- Vil ha klimamilliarder på bordet
Neste sending: Urix
Urix
NRK2, torsdag 26.11. kl. 21.25 | Legg i kalender[?]Utanriksmagasin frå nyheitsredaksjonen. Programleiar: Gunnar Myklebust.
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/urix.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: urix@nrk.no
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Neste sending: Verden på lørdag
Nettradio
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

