Eg har brukt 8. marsdagen saman med Sigrid Undset. Det vil seie i selskap med den store bunken av hennar etterlatne skrifter. Eit imponerande selskap på sjølvaste Kvinnedagen.
Eg gjer eit nummer av dette av to årsaker: For det første finst det dei som ser på seg sjølv som såkalla ”kulturpersonligheter”, som åpenlyst gjer eit nummer av at dei slett ikkje les nobelprsivinnaren Sigrid Undset. I seg sjølv er dette grunn god nok til å gå laus på Undset.
For det andre er det opplese og vedtatt at når det gjeld kvinnesak, så er denne dama gått ut på dato – og det langt tilbake i førre hundreåret, minst.
Men er det så enkelt at vi kan overlate til Sigrid Undset å stemple seg sjølv som reaksjonær og ferdig med det? Eg syntes Kvinnedagen måtte vere ein god dag til å ta fatt med friske spadetak i bunken av klipp og artiklar.
Sigrid Undset i 1933 (Arkivfoto: Scanpix)
”En pike for vårs?”
Ikkje minst syns eg det er spennande å sjå det ho sjølv har funne bryet verdt å ta vare på av kvinnesynspunkt, som den sjølvbevisste kvinna ho var.
Ho har for eksempel tatt vare på eit avisklipp med eit tidleg sitat som gjeld debutanten Sigrid Undset : ”Hvem er Sigrid Undset? Er hun søt, er hun rød, er hun slank om sitt liv, er hun bøielig, er hun føielig, kort sagt er hun en pike for vårs?”
Det er ein eldre kollega som seinare blir venn som er sitert: Nils Collett Vogt slik han omtalar den unge kvinnelege debutanten. Og Undsets velutvikla sans for humor må ha ført klippet til arkivmappa hennar for 1909.
Lenger ned i bunken ligg eit klipp med utropsteikn på.
Nå har året blitt 1912, og det er tre bøker sidan debuten: Sigrid Undset blir framheva saman med Hulda Garborg i ein samleomtale av det som blir kalla ”kvinnelitteratur”: ”Men selv disse må leses med overbærenhet og kritikk”, står det, godt forsynt med Undsets understreking og breie utropsteikn.
På denne tida er det også slik at den nyetablerte, suksessrike - og omstridte - forfatterinna svingar pisken over kvinnesakskvinnene.
Hør berre den beiske tonen i ”Noen kvinnesaksbetraktninger” : ”La meg altså gjenta”, seier Sigrid Undset, ”at jeg har den dypeste sympati og aktelse for hver kvinne som har kjempet og kjemper for kvinnesaken. La det ikke glemmes hvor ofte disse kvinnene frivillig har påtatt seg det største martyrium en kvinne kan få bære – latterlighetens.”
Dette skreiv ho i ei nokså hånleg omtale av dei britiske kvinnesaksforkjemparane. Det var mens ho sjølv gjekk med sitt første barn i magen, etter eit hastverksgiftarmål og med alle forhåpningar intakte til det kunstnarlivet ho skulle leve saman med målaren Anders Svarstad.
Om ”å gå i bissevoverne”
Ho var ei dristig kvinne som til fulle levde ut sine eigne lyster og skrivetrong. Snart vart Sigrid Undset den første kvinna til å tale frå Studentersamfunnets talarstol.
Men kanskje er ein epistel like etter vel så interessant som den lærde talen? På oppfordring skreiv Sigrid Undset om Kristianiakvinden for hundre år sidan:
”Jeg husker en kveld på et sommerpensjonats veranda. Vi satt der en flokk unge piker, og gav forargelse til forargelseslystne med å røke sigaretter, drikke ripsvin og snakke flåset. Utpå natten ble vi så åpenmunnet at en liten ekspeditrise gav ord til det, vi alle bar i oss. Hun sa: ”Ja, dersom jeg altså visste det sikkert at jeg aldri i livet skulle få sitte og bytte bleier på en unge som var min egen, så var det fanden ta meg bedre at gå i bissevoverne først og i sjøen siden og være ferdig med hele skidten-.”
Til dette muntre tilbakeblikket kommenterte Sigrid Undset lakonisk: ”Nu er vi altså halvfærdige med det hun kalte ’hele skidten’. Og noen er gått i bissevoverne og noen er under jorden.”
Det provoserer kanskje den dag i dag at Sigrid Undset på denne frekke måten minner om kvinners lengsel etter å bli mødre? Men det var ikkje den ærlege erkjenninga av lengselen etter å bli oppfylt som kvinne som skaffa henne stempelet reaksjonær.
Morsrolla over og ut?
Stemplinga kom først i det store sverdslaget med familieplanleggingas mor Katti Anker Møller eit par år seinare. Sigrid Undset gjekk hardt ut:
”Fruens ide om ’familie’ synes å være, at det er noe i retning av en industriell bedrift.”
Undset avviste blankt at staten burde ha eit ansvar for familiepolitikk. Problemet, slik Sigrid Undset såg det, var at dei moderne tidene og industrisamfunnet ikkje hadde interesse av å legge til rette for morsrolla, men for å få kvinnene ut i arbeid - med større press på kvinnene som resultat.
Debatten røpar til fulle Undset sin elsk for tilspissa utfall og gode dolkestøt:
”Ordforbindelsen ’Kvindernes fødselspolitikk’ er – skånsomt bedømt – nonsens, siden enhver fødsel forutsetter en mands medvirken.”
Når ho argumenterer mot at kvinnene må ta del i politikken kan ho verke hårreisande bakstreversk: Ho seier at det er uråd for kvinna å delta på like fot med mennene i det offentlege, og derfor har ho kome til at det vil være ”ulykkesbringende for kvinnene og for hele menneskelivet.”
Her er det jo eg som får lyst til å sette eit breidt utropsteikn, men Sigrid Undset har studert sin statistikk og funne ut at ein pluss ein aldri blir tre: I dei fleste hus manglar det nemleg minst eitt årsverk for å få tida til å strekke til, ikkje ulikt vår eiga tidsklemme – men kanskje enda verre før vaskemaskinenes tidsalder.
Sigrid Undset peikar på at berre ein brøkdel av hovudstadens hushaldningar hadde hushjelp. Kor skal så kvinnene ta tida frå til å drive med politikk på toppen av eit fullt døgn? Poenget hennar var at kvinnene ikkje trong fleire byrder, heller fleire privilegium for å kunne ta seg av barn og heim.
Før ho avrundar sitt bidrag til den store kvinnedebatten på tjuetalet muntrar ho seg med å gi dei norske menn det glatte lag i Aftenposten:
”Nordmennene er verken galante kavalerer eller særlig morsomme ektemenn, mens de derimot har en irriterende slåbrok og tøffelforakt overfor alt som angår det svake kjønn. Det er ikke så rart at kvinnen, stakkar, tilslutt trodde at det var noe stort å klistre frimerke på konvolutter eller selge trikkebilletter, ja selv å sitte på Stortinget.”
Provokatør – og skøyar
Kor alvorleg ho meinte sin påstand om at kvinner ikkje hadde noko i politikken å gjere, kan vi jo i ettertid ha våre tvil om når ein ser kor sterkt ho sjølv utøvde formannsvervet i Forfattarforeninga – og kor politisk ho vart under krigen da ho svingte sverdet krassare enn dei fleste menn.
Sigrid Undset nekta seg heller ikkje seinare gleda ved kontante utsagn - som da ho etter å ha fått Nobelprisen i 1928 kommenterer fortida si som kontordame:
”Å skulle komme når en fremmed herre trykket på en knapp – det syntes jeg var nedverdigende.”
Ho nytta også høvet til å gjenta eit synspunkt ho da hadde late ligge i nesten ti år:
”Det er ikke likestilling, men særbeskyttelse kvinner trenger til,” sa Undset.
Enda bedre likte ho seg kanskje når ho i neste utsagn uttaler seg på vegne av sine norske forfatterinnekollegaer:
”Jeg synes hjemmets gjerning er deilig. Vi norske forfatterinner er svært huslige og liker å lage mat.”
Skøyaren Undset sa ingenting om hushjelpene ho sjølv administrerte. Kva ho elles gjorde med sine eigne dilemma etter at ho vart skilt og var eineforsørgande for ein stor familie, det seier ho heller ingenting om. Men at kravet til skriveproduksjon og inntekt kolliderte med det å ha tid til barna, det fekk også Sigrid Undset føling med.
Likevel heldt ho fana høgt. Frå året 1939 har ho tatt vare på følgjande sitering av seg sjølv:
”Jeg har alltid syntes synd på mennene! Måpende ansikter i kretsen rundt henne.
- Jo, for de har alltid vært undertrykte, alltid har de hatt noen som passet på seg, synes jeg. Kvinnesaken har vendt seg mot unntakelsene, men gjennomsnittsmannen er, så vidt jeg kan se, det mest forsvarsløse av alle kjæledyr…”
Kvinner kan
Når ein leitar i dei svære bunkane etter henne, finn ein altså ikkje berre eintydige spor av det såkalla reaksjonære kvinnesynet til Sigrid Undset.
Visst kan ho vere usakleg, ofte snirklete og ikkje sjeldan sjølvmotseiiande. Men så er det også det ho har framheva i litteraturen sin: i forteljingane om historias sterke kvinner, og i hennar måte å skildre kvinnenes erotiske kraft på.
I seg sjølv ein god grunn for begge kjønn til å lese Sigrid Undset. Men sist, men ikkje minst, var ho framsynt på eitt punkt: erkjenninga av at den moderne tida kunne tvinge kvinnene inn i eit håplaus tidspress, inn i eit reknestykke av årsverk som ikkje går opp.
I dag hadde ho nikka gjenkjennande til unge kvinners klage over tidsklemma. Kanskje hadde vi trengt Sigrid Undset med oss i 8. marstoget nettopp i dette tidsklemmas århundre.
Men kva slags parole skulle Sigrid Undset gått under? Neppe under noko anna enn det ho sjølv hadde sagt.
Vi kunne jo lage ein stor plakat med det ho sa til svensk presse i 1935:
”Kvinnen kan utføre alt det som mannen kan, men mannen ikke langt nær det kvinnen kan.”
Det burde halde – på Kvinnedagen.