Hopp til innhold

Fem år med krig

Krigen blei starta på falske premissar. Det var ikkje masseødeleggingsvåpen i Irak. Det var heller ikkje noe Al Qaida der.

Amerikanske soldater i Irak
Foto: DAVID FURST / AFP

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Det har Pentagon nå stadfesta etter å ha gått gjennom 600.000 irakiske dokument utan å finne spor av samband mellom Saddam Hussein og Osama bin Laden.

President Bush starta krigen på desse løgnene, og han erklærte den vunnen etter 40 dagar. Fem år etterpå raser den framleis og strir med all fornuft.

Formiddabelt ansvar

USA kan bestemme at galskapen skal vere slutt. USA kan trekke seg ut og spare soldatliv og amerikansk økonomi. Paradokset er at landet har tatt på seg eit formidabelt ansvar når det først har gått inn og velta regimet og oppløyst både hær og politi med mål om å bygge eit nytt samfunn. Det hadde ikkje USA planlagt godt nok for.

Dei fleste irakarar lengtar neppe tilbake til Saddam. Men fridomen frå diktaturet har gitt dei ein valdeleg kvardag dei aldri har sett tidlegare. For kvart amerikansk soldatliv som går tapt, går det hundre irakiske.

Dei fleste sivile. Irakiske sjølvsmordsbombarar rettar åtaka sine først og fremst mot landsmenn, og vi hører bare om dei mest spektakulære. Sidan krigen starta har det vore to-tre sjølvmordsaksjonar i gjennomsnitt kvar dag. I Bagdad aleine er det 25 drap kvar einaste dag. Dette kan fort bli verre om USA trekker seg ut.

Arven frå Bush

Styrkeoppbygginga skulle gi dei nasjonale partane i Irak eit pusterom til å finne kompromiss og ta samla steg for å styre landet. Det har heller ikkje lyktest. Rivaliseringa mellom shiaer, sunniar og kurdarar let seg ikkje fjerne over natta eller med militærmakt.

Dette er arven frå Bush og realiteten for USAs neste president. John McCains svar er å holde soldatane i Irak om nødvendig i hundre år framover. Barack Obama vil trekke dei ut i løpet av 16 månader. Det er fornuft i begge strategiane.

Tidlegare forsvarsminister Donald Rumsfeld kalla det tullpreik da noen i 2003 antyda at Irakkrigen kom til å koste USA over hundre milliardar dollar. I dag er rekninga meir enn fem gonger så stor.

To milliardar norske kroner kostar den nå kvar dag. Kva sluttsummen blir, får vi vite den dagen den siste soldaten er ute av Irak.

Ubegripelege kostnader

Nobelprisvinnaren i økonomi Joseph Stiglitz snakkar om ein totalkostnad på godt over 15 tusen milliardar kroner i overskueleg framtid. Da tar han med kostnadene for samfunnet i bakkant når soldatar kjem tilbake til USA og må ha stell og støtte. 40 prosent av dei som var med i den først golfkrigen, måtte ha hjelp da dei kom heim. Den krigen varte i bare ein månad.

Det var ein gong at krig blei sett på som godt for økonomien. Stiglitz meiner at det er langt betre måtar å stimulere økonomien på. Han fantaserer om kva 15 tusen milliardar kunne gjort på andre felt, i kampen mot fattigdom og analfabetisme og for utdanning og helsestell. I staden får andre budsjettområde i Washington skore ned løyvingane sine, mens Bush framleis insisterer på skattelette og den amerikanske økonomien oppå alt skakar kraftig.

Så kan vi spørre oss kor mye krigen har kosta Irak...

Noen vinnarar er det likevel. Iran har fått rydda unna hovudfienden sin, Saddam Hussein. Al Qaida har fått innpass og fotfeste i Irak. Og 300 amerikanske private selskap har tent formuar på krigseventyret. Mest av alle Halliburton, selskapet som Dick Cheney leia før han blei visepresident og krigsregissør. Så langt har selskapet sopa inn bortimot 100 milliardar kroner på oppdrag i Irak.

Dersom ideen bak den amerikanske invasjonen eigentleg var å sikre USA olje, har krigen også på den måten vore ein fiasko. Olje er meir etterspurt enn noen gong, oljeprisen fire gonger så høg som den var da krigen starta. Oljeselskapa og oljelanda er derimot blitt rikare.

Og slik er Norge ein av dei største vinnarane i denne krigen.

SISTE NYTT

Siste nytt