21.11.2009

Media gjorde Harry-handel

Storbritannias prins Harry i Afghanistan (Foto:John Stillwell/Scanpix/AFP)

Storbritannias prins Harry, 'kulemagneten', i Afghanistan.

Foto:John Stillwell/Scanpix/AFP

BBC og ei rekke andre medium lova å halde kjeft om at prins Harry var soldat i Afghanistan. No blir dei skulda for å vere regjeringa sine medløparar.

TV-bilda av prins Harry som skyt med maskingevær i Sør-Afghanistan opprører Storbritannia.

I ti veker har 23-åringen vore soldat i landet. Ifølgje britiske aviser skal han ha bidratt til flyåtak som har drepe kring 30 opprørarar.

- Ingen skal seie at eg ikkje gir mitt bidrag, seier prins Harry sjølv.

Er det riktig av den britiske prinsen å tjenestegjøre i Afghanistan?

Velg ett alternativ

Men det er omstridd at ein kongeleg deltek i krig, og det vekker merksemd at det britiske folket får vite om Harry si krigføring først no. Og det måtte eit australsk dameblad til. I januar skreiv bladet om Harry, og sidan vidareformidla den amerikanske bloggen The Drudge Report nyhenda til resten av verda.

Gjorde Harry-avtale

Det britiske forsvarsdepartementet skal ha gjort ein avtale med ei rekke medium både i Storbritannia og utlandet om hemmeleghald.

- Her har ein vurdert det nøye opp mot kva ein fekk igjen, seier Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund. Han peikar på at britisk media også gjekk med på å la dei unge prinsane vere i fred etter at mor deira døydde.

- Her er det snakk om ein avtale som skulle vare i fjorten veker, og så skulle alle medium få alt, både intervju og opptak frå prinsen sine oppgåver i Afghanistan. Det var ikkje snakk om hemmeleghald, men å utsetje informasjonen om dette, seier Kokkvold.

Han kjenner ikkje til at norske medium gjer slike avtaler om å halde ting hemmeleg.

- Det var mykje av det i 40-, 50- og 60-åra. Den gong utanriksminister Halvard Lange heldt fortrulege pressekonferansar med redaktørane i Osloavisene, seier Kokkvold.

- Feiar sanninga under teppet

Det skotske parlamentsmedlemmet og krigsmotstandaren George Galloway raser mot hemmeleghaldet, som han meiner er blitt ein trend.

- Kva anna held media hemmeleg for oss? Det har vore to historier denne veka som vi ikkje har visst noko som helst om, seier Galloway til BBC.

Generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund (Foto:Terje Bendiksby/Scanpix)

Generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund.

Foto:Terje Bendiksby/Scanpix

- Media har feia under teppet at to britar har site som gissel i Bagdad i åtte månader. Og her har BBC vore med Harry heile vegen. Det gjer BBC til ein del av krigsinnsatsen i Afghanistan, og det likar eg ikkje. Eg betaler like mykje for BBC som krigstilhengarane gjer. Eg syns ikkje britisk media skal vere ein del av denne krigen, seier George Galloway.

Vil ikkje kritisere

Men Norsk Presseforbund vil ikkje kritisere media som inngjekk avtalen.

- Eg vil ikkje kritisere dei for å ha gjort det, fortel Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund.

- Vi må sjå dette i forhold til britisk tradisjon og kultur, og prins Harry si rolle. Ein visste at han ville til Irak, men vart nekta av den britiske forsvarssjefen. Han var frustrert og forbanna, og så vart han i staden send til Afghanistan. Så vart det gjort ein avtale, og ein kan diskutere om dette var rett eller ikkje, men ein kan ikkje kritisere britiske medium for å ha inngått denne, seier Kokkvold.

Harry må heim att

Prins Harry seier til britisk fjernsyn at han blir kalla "kulemagneten" av stridskameratane sine i Afghanistan.

- Når eg går på patrulje skjuler eg andletet mitt, slik at folk ikkje kjenner meg att. For det kunne setje dei andre i fare, seier prins Harry, eller som han heiter i Afghanistan: fenrik Harry Windsor.

Han er den første kongelege i krig sidan onkelen hans, prins Andrew, flaug helikopter under Falklandskrigen for snart 30 år sidan. Men i ettermiddag kom beskjeden. Afghanistan-eventyret er over - prins Harry skal heim att til Storbritannia.

Storbritannias prins Harry i Afghanistan (Foto:John Stillwell/Scanpix/AFP)

Storbritannias prins Harry.

Foto:John Stillwell/Scanpix/AFP
(NRK)
Siste utenriksnyheter

Neste sending: Urix

Urix

NRK2, torsdag 26.11. kl. 21.25 | Legg i kalender[?]

Utanriksmagasin frå nyheitsredaksjonen. Programleiar: Gunnar Myklebust.

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/urix.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: urix@nrk.no

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Neste sending: Verden på lørdag

Verden på lørdag

NRK P2, lørdag 21.11. kl. 11.03 | Legg i kalender[?]

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK