Hopp til innhold

- Dette er tortur

Den amerikanske etterretningssjefen Mike McConnell seier no at avhøyrsmetoden waterboarding, eller simulert drukning, kan reknast som tortur.

Waterboarding

Menneskerettsaktivister demonstrerer waterboarding. Washington 5. november 2007.

Foto: Manuel Balce Ceneta / AP

Den omstridde metoden går ut på at personen som skal avhøyrast vert lagt på ryggen med føtene noko høgare enn hovudet. Deretter vert det slått vatn over andletet på vedkomande gjentekne gonger.

Guantanamobasen er seks år

Kjensla dette gjev, skal likne det å drukne.

Brukt av CIA

Nyleg vart ein tidlegare CIA-offiser sitert på at denne metoden har vorte brukt på tre arrestantar sidan 2001, inkludert den Al Qaida-mistenkte Abu Zubaydah. Det opplyser BBC. Det skal også ha eksistert videoar som syner at den omstridde avhøyrsmetoden vart brukt på Al Qaida-tilhengjarar under avhøyr på Guantanamo.

Les: CIA hindret tortur-etterforskning

Ei rekkje land og menneskerettsorganisasjonar meiner at denne waterboarding er å rekne som tortur, men amerikanske styresmakter er ikkje samde.

Bush trugar med veto

I desember fremja Representantenes hus eit lovframlegg som forbaud CIA å bruke grove forhøyrsteknikkar som waterboarding, men president George W. Bush har truga med å leggje ned veto mot framlegget.

- Ville ha vore tortur

I eit intervju med magasinet the New Yorker har derimot etterretningssjef Mike McConnell no vedgått at det ”ville vere tortur” å verte utsett for denne avhøyrsmetoden.

- Eg kan ikkje seie om andre vil definere dette som tortur, men for meg ville det ha vore tortur.

- Eg kan ikkje eingong tenkje meg kor smerteleg det ville ha vore å få vatn drenert inn i nasen, seier han.

Den pensjonerte vise-admiralen vil likevel ikkje ta stilling til kor vidt styresmaktene bør definere avhøyrsmetoden som tortur eller ikkje. Men skulle han nokon gong verte definert som tortur, så vil det føre til strenge straffer for alle som tek metoden i bruk, trur han.

SISTE NYTT

Siste nytt