Hopp til innhold

Bali – og etterpå

Bali. Bali. I piskande nordavind manar namnet fram reiser til sol og strender.

Solnedgang på Bali
Foto: SONNY TUMBELAKA / AFP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Kommentar: Astrid Brekken
Foto: NRK

Det må vi slutte med. Aldri meir Bali - Karibia - Seychellene.

 

 

For det mest effektive vi kan gjera som enkeltindivid for å minske utslepp av klimagassar er å unngå flyreisene – særleg dei lange flyreisene.

 

Klimademonstrasjon i Jakarta

Krev klimakutt: Demonstrantar framfor den amerikanske ambassaden i Jakarta.

Foto: AHMAD ZAMRONI / AFP

 

Men til Bali reiser i desse dagar delegatane som skal delta på klimakonferansen - kanskje på første klasse med stor seteplass. Likevel, sjølv etter champagnen kan dei neppe la vera å tenkje på kor mykje CO2 dei er med på å sleppe ut.

Global bakrus

Det heftar ei CO2-rekning ved oss alle.

Rekninga aukar i takt med vår ville kjøpefest, og er materialismens globale bakrus.

Vi har fletta energi med høgt utslepp av CO2 saman med økonomisk vekst i eit tett, farleg mønster. 

Kevin Rudd

Oppmuntrande: Påtroppende Australia-statsminister Kevin Rudd vil underteikne Kyoto-avtalen.

Foto: Rob Griffith / AP

Nå må vi løyse opp mønsteret.

Vi har det ikkje bra med det. På det personlege plan går reaksjonane våre frå fornekting av at det finst eit problem til endring av livsførsel og forbruk. 

Flukt på glansa papir

Det er blitt desember i dette år 2007. Eg har behov for kos – eller noko anna, udefinerbart – er det trøyst?

Så det var nok derfor blikket mitt vart hengande ved ei aldeles nydeleg bok om julekorger av Beate Lindseth. Eg visste ikkje det var slik variasjon i julekorger.

H.C. Andersen laga ei fletta julekorg i 1860-åra, ei gave til ei ung kvinne, den er tatt vare på. Piet Hein var dyktig til å lage julekorger, danskane har dei rikaste mønstra. Levande flettetradisjon finst berre i Norden.

Ein dag snart skal eg flette ei korg i glanspapir, raudt og gull, med eit hjarte midt i rutene.

Skulle du ikkje ha sansen for papir finst det andre truskuldige syslar – strikking, hekling, brodering, treskjæring. Handarbeid er som å gå i staden for å ta bilen, og eigna til å få tankane våre bort frå både personlege og globale nevroser. 

Vi har ikkje makta å fri oss frå illusjonen om at ureining er gratis

Flygande toalett

Ei lita stund. Så kryp tusen små maur tilbake i hjernevindingane.

Vi snakkar og snakkar. På våre lange flyreiser, i våre bensinslukande bilar, i våre oljefyra hus.

Vi veit kva vi sjølve burde gjera. Og vi veit at det mest effektive kvart land kan gjera er å auke kostnadene for å sleppe ut CO2. Det ville ramme fly- og biltrafikken. Det ville gje rein fornybar energi betre konkurranseevne i forhold til kol og olje.

I røynda har vi ikkje makta å fri oss frå illusjonen om at ureining er gratis.

Hittil er vi velståande å samanlikne med dei fattige i slummen som nyttar seg av flygande toalett – gjera frå seg i ein pose og kaste det ut av synsvidde.

Har vi forstått?

Det er oppmuntrande at Australia har sett skrifta på veggen og vald ein leiar som seier han bryr seg om klima. Som statsminister kjem Kevin Rudd kanskje til å gjera meir enn å underskrive ein gamal protokoll frå Kyoto og ein forlenga frå Bali.

På Bali skal nye målsetnader formast. Vi treng dei. Men mest treng vi at noko blir gjort.

Dersom møtet på Bali skapte eit under som førde til at alle utslepp av drivhusgassar straks tok slutt, ville vi truleg avgrense oppvarminga til ein grad – som uansett vil koma på grunn av det vi alt har pøsa ut.

Så vi forstår at det skal bli varmare enn som så. Det beste vi kan klare er kanskje to grader. Men det ser ikkje lyst ut.

I dette rike, høgteknologiske landet Norge kjem vi neste år til å ha det høgaste CO2-utsleppet hittil, på grunn av gasskraftverka på Melkøya og Kårstø.

Også i dei fleste andre vestlege land som har underskrive Kyoto-avtalen aukar utsleppa.

Det er 1. januar 2008 at Kyoto-avtalen trer i kraft, det er frå denne datoen vi saman med 173 andre land har forplikta oss til å redusere utsleppa. Var det nokon som snakka om å feie for eiga dør?

Enkle underverk

Det svirrar mange forslag – stort sett i lufta.

Oppfinnaren Torfinn Johnsen frå Rogaland hevdar han har funne opp ein biomembran, ei væskeblanding som tilførd jordsmonnet kan senke overflatetemperaturen, sørge for at vatn blir lagra lenger i bakken, bidra til auka matproduksjon og monaleg minske naturleg CO2-lekkasje frå jordsmonnet.

Det høyrest for godt ut til å vera sant.

Men var det sant, kunne det kanskje vera med på å redusere skadene av ei tikkande bombe – tinande permafrost, som i verste fall kjem til å gje frå seg enorme mengder metangass, ein langt kraftigare drivhusgass enn CO2.

Å måle kloden kvit

Danske Bjørn Lomborg, omstridd for sine utspel i miljødebatten der han meiner miljøvernarane er altfor pessimistiske, tar fatt i byane, han vil kjøle dei ned ved å plante tre og bygge fontener.

Murstein, betong og asfalt absorberer mykje meir varme enn vegetasjon og gjer storbyar til urbane varmeøyer.

I august i år var temperaturen i Tokyo 12,5 grader høgare enn i landlege område rundt byen.

Dessutan bør det meste målast kvitt – Lomborg hevdar det vil senke temperaturen i byane med omkring ti grader i seg sjølv.

Og eit lite sidesprang her: da kona til oppfinnar Torfinn Johnsen gjekk barbeint i varme feriegater på Malta, søkte ho seg til dei kvite stripene i gangfelta, og sa: Kvifor brukar vi ikkje dette prinsippet på heile jorda? Dermed tok ideane til å yngle hos Johnsen.

Definisjonen av det gode liv

Når eg til våren går ut i skogen, der teppe av kvitveis reflekterer sollyset, kjem eg til å tenkje på oppfinnarens biomembran.

Kanskje skal eg bli i kvitveisenga, legge vekk vårreisa til andre himmelstrøk og sykle ut i skogen – til den utrulege fuglesangen og dei oppløftande luktene.

Eller - eg kan la feriedagane bli møllspiste av lange opphald på golde flyplassar, av venting på forsinka fly, av lange kontrollkøer, av hotellrom med stengde vindaugo og durande luftavkjøling.

Haiane luktar blod

Men før den tid er det juleshopping i London og Paris, er det ikkje så? I gavmildt julehumør betaler vi vår avlat – vi kjøper klimakvoter og set oss med godt samvet på flyet. Men veit vi kvar pengane våre hamnar?

I denne nye marknaden for ”klimanøytralisering” let det til at ein stor prosentdel av pengane ikkje kjem fram dit dei skal, som til bygging av reinseanlegg eller planting av tre.

Kostnadene ved å administrere desse pengane frå deg og meg er høge – i ei undersøking varierer dei frå over 86 til 25 prosent av innbetalte beløp.

Går det meste til dei smarte administratoranes nye firmabilar – som neppe er batteridrivne?

Så også i dette tilfellet skal vi passe oss for å tru at når pengane i kista kling, sjela ut or skjærselden spring.

Nå ventar vi berre på luftskipet som skal bringe oss til alle verdas krokar utan eit gram CO2-utslepp.

Så kan vi segle inn i konsumhimmelen, den passe tempererte.

SISTE NYTT

Siste nytt