Hopp til innhold

Norskætta Bush-rådgjevar går av

Den kontroversielle rådgjevaren i Det kvite hus, Karl Rove (57) , trekkjer seg frå stillinga si.

Karl Rove

Den norskætta Bush-rådgjevaren Karl Rove trekkjer seg.

Foto: Fred Prouser / Scanpix/Reuters

Den norskætta strategiske rådgjevaren til president George W. Bush seier at han trekkjer seg av omsyn til familien.

Det har lenge blåse friskt rundt Karl Rove. Han var mistenkt for å ha avslørt at Valerie Plame var CIA-agent, men påtalemakta valde å ikkje reise sak mot han.

Det er strengt forbode etter amerikansk lov å avsløre namna til CIA-agentar.

Det vart spekulert i om avsløringa av Valerie Paine var ei hemnakt mot mannen til Paine, den tidlegare ambassadøren Joseph Wilson.

USAs president George W. Bush.

George W. Bush misser ein nær og lojal rådgjevar.

Foto: Gerald Herbert / AP

Karl Rove har vore ein av dei mest sentrale rådgjevarane til president George W. Bush dei siste 14 åra. Han blir rekna som mannen som har vore strategen bak det republikanske partiet sine sigarar ved dei to siste presidentvala, og ved fleire kongressval.

Bush og Rove byrja å samarbeide med Gorge W. Bush i 1993, då den noverande presidenten annonserte at han var kandidat til guvernørvalet i Texas.

Karl Rove har heile tida vore ein kontroversiell figur, og han har fleire gonger blitt skulda av Det demokratiske partiet for å bruke ufine metodar.

Sist månad vedtok Senatet i den amerikanske kongressen, som har demokratisk fleirtal, å kalle inn Rove vitne  i ei høyring om sparkinga av åtte føderale statsadvokatar.

Då brukte president Bush retten sin til å be Rove nekte å vitne for granskingskommisjonen.

Ein talsmann for Det kvite hus seier at president Bush og resten av staben kjem til å sakne Karl Rove. Han er ein god ven av presidenten og har ei briljant hjerne, seier talsmann RObert Saliterman.

Bakgrunnsartikkel om Karl Rove

 

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt