Hopp til innhold

Storfekjøt er klima-versting

Visste du at å ete storfekjøt til middag bidreg sterkt til den globale oppvarminga av jordkloden?

Storfekjøt er farleg

Storfekjøt er ikkje bra for miljøet, viser ei japansk undersøking.

Foto: Kiichiro Sato / AP

Eitt kilo storfekjøt forårsakar meir farlege utslepp enn å køyre bil i tre timar, samstundes som alle lysa står på heime i huset ditt.

Dette går fram av ei undersøking som japanske forskarar ved Det nasjonale vitskaplege instituttet for dyrehald og grasdyrking har gjort, under leiing av Akifumi Ogino.

Animal Science Journal

- Produksjonen av ein kilo biffkjøt fører til utslepp av 36,4 kilo karbondioksyd (CO2), den farlegasta gassen for den globale oppvarminga, seier Akifumi Ogino til Animal Science Journal, der undersøkinga blir presentert.

Ei svensk undersøking frå 2003 viser at økologisk produsert storfekjøt medfører 40 prosent mindre utslepp av klima-farlege gassar, og at det blir brukt 85 prosent mindre energi på å produsere kjøtet enn når det blir gjort på vanleg måte.

Årsaka er kort og godt at dei økologiske dyra i all hovudsak et gras frå eigen gard, i motsetnad til dyr som blir fora med konsentrert spesialfor. Økologiske bønder brukar også langt mindre energi på transport.

 

SISTE NYTT

Siste nytt